Fredag 22. Juni 2018


Turist

Kjem du sjøvegen til Fitjar er Sjøsio m/Larsen det første du møter. Dette er ein god gjestehavn i sentrum uten avgift med gratis nettilgang og mogelegheit for dusj- og klesvask. Her finn du kort sagt alt båtfolket treng, med mange og trygge båtplassar, og ved kaien ligg òg det største varehuset i bygda med daglegvareforretning, multihandel, apotek, post, blomeforretning, sportsforretning, kafe, tannlege og fysioterapeut. Toalett finn du ved Cafe Annemor i 2. høgda. Kjem du med bil finn du oftast parkeringsplass ved Rådhuset midt i sentrum.

Fiskeplassane er mange både i sjø og ferskvatn, og sjølandskapet rundt fitjarøyane er eit eldorado for kajakkpadlarar og båtfolk. Har du ikkje kajakk sjølv kan du leiga hos Padleåro kajakkutleige (om lag 12 km frå Fitjar sentrum). Båt kan du leiga hos Fitjar Sjø og Camping.

Er du av den fjellglade typen, skal du vita at Fitjarfjella lokkar med mange flotte turstigar til fjells. Høgste toppen er Mehammersåta på 749 m.o.h. Stord-Fitjar turlag arrangerer mange fellesturar. Programmet deira finn du på Turistinformasjonen hos Stord Videokiosk i sentrum. Her vil du òg få opplysningar om sykkelruter.Har du ikkje sykkel, kan du leiga ein hos MX-sport i Varehuset Larsen.

 

Tindane. Foto: Kjetil Rydland
Tindane. Foto: Kjetil Rydland

 

Andre tilbod til deg som er aktiv er Fitjar treningssenter i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, treningssenteret over Bensinstasjonen. (Hydro/Texaco) og treningsmogelegheiter i Fitjar Idrettspark og Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.

 

Kva som skjer i Fitjar akkurat no, kan du lesa her.

Spisestader

Cafe Annemor er ei kafe i sentrum der du kan kjøpa middag, påsmurt eller kaffe og kake. Dei driv òg med catering.

Stord-Fitjar Videokiosk er både Turistkontor og MIX-butikk der du kan kjøpa kioskmat som hamburgarar, pizza, pølsemenyar og liknande. Dei serverer òg ulike kaffesortar og softis.

Fitjar Fjordhotell serverer både frokost og middag. På torsdagar har dei komlebuffet og søndagar søndagsbuffet for heile familien. Catering kan du bestille her òg.

Kysten Rundt på Sandvikvåg har både hamburgarar og andre kiosk-varmrettar. I tillegg kan du kjøpe bagettar og nybakt her.

Bensinstasjonen kan du mellom anna kjøpe pølsemenyar og baguettar.

Overnatting

Fitjar Fjordhotell ligg fint til ved Fitjarelva og kan tilby nyoppussa rom.

Fitjar Sportell er eit rimelegare alternativ tilknytta Fitjar Fjordhotell. Frukosten et du på hotellet.

Fitjar Sjø og Camping er det rimelegaste overnattingsalternativet i Fitjar, og ligg vakkert til ved vegen inn til Kråko, om lag 3 km frå Fitjar sentrum.

Færøysund handels- og gjestgjevarstad ligg like sør for Sandvikvåg ved Langenuen. Har utleige på vekebasis frå mai til ut september. Bør tingast i god tid på førehand, då det fort blir fullteikna.

Gode naboar

Fitjar ligg på Stordøya midt i mellom Tysnes og Bømlo. For å koma til Tysnes må ein ta ferje frå Jektevik (ca. 20 km frå Fitjar sentrum) og Bømlo som ein kan nå via Trekantsambandet.  Sør på Stordøya, berre 30 minutt frå  ligg byen Stord. Til Bergen kjem ein på  rundt 1,5 time med ferje frå Sandvikvåg, mens ein når fram til Haugesund på litt meir enn ein time, via Trekantsambandet.

Kulturminne

Er du historisk interessert, kan Fitjar skilta med eige historisk spel, og av kulturminne finn ein både museum, vassdriven sirkelsag, kolerakyrkjegard, helleristingar og steinrøys frå Vikingtida.

 

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret …

20.06.2018 Jonas Sætre

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret i Hordaland Medan Granvin kommune tek 4610 kroner i byggesaksgebyr, tek Fitjar komune heile 28.000 kroner for å gjere den same jobben.

Les meir ...
annonse
annonse

Samisk dag på Selevik skule

20.06.2018 Kjetil Rydland

Elevane har sett opp lavvoane, og Colin Alexander Peitisch viser at han har godt tak på lassoen. Foto: Kjetil Rydland.  Samisk dag på Selevik skule Friluftsrådet Vest skipa til "Samisk dag" for...

Les meir ...

Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødsl…

20.06.2018 Kjetil Rydland

Eigenutvikla nødslaktefartøy skal byggjast ved Fitjar Mekaniske Verksted.  Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødslaktefartøy Fitjar Mekaniske Verksted skreiv i går kontrakt med Austevoll-selskapet Servicebåt As om bygging av eit nødslaktefartøy med eigenutvikla...

Les meir ...

Variert haust med Temakveldgruppa i Fitj…

19.06.2018 Kjetil Rydland

Alverflaten Jazzband med konsert i Fitjar kyrkje under Fitjarfestivalen 9. august.  Variert haust med Temakveldgruppa i Fitjar kyrkje Haustprogrammet for temakveldene i Fitjar kyrkje er klart, skriv Eli Simonsen, som kan lova ein...

Les meir ...
annonse

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...
annonse