Torsdag 18. Januar 2018


Kulestøyt i kuling

I kraftig ruskaver med regn og kuling frå sør tok ein ekslusiv gjeng idrettsmerke i Fitjar idrettspark i ettermiddag.

Humøret og motivasjonen var på topp og veret såg ikkje ut til å leggja nokon dempar på innsatsen.

Deltakarane hjelpte kvarandre både som funksjonærar og som heiagjeng då dei skulle gjennom øvingar innan spenst, styrke og sprint. Finn Ingvar Havnerås og Øyvind Skålevik stilte trufast opp som sekretariat. 

Så langt i år har over 40 stykke på Fitjar teke idrettsmerket. Øyvind Skålevik skulle gjerne sett at endå fleire hadde teke utfordringa, og viste til år der ein har vore oppe i over 90 idrettsmerkedeltakarar. Men enno kan talet for 2013 stiga. 

Alle over 16 år kan vera med å ta idrettsmerket og ein kan ta til kor tid ein vil. Ellinor Bergesen fortel at ho starta å ta idrettsmerket først etter at ho hadde fylt femti år. Sjølv om veret i ettermiddag gav langt frå dei beste tilhøva hadde ho ingen problem med krava og vart ferdig med alle øvingane tre døgn før fristen. Andre kom ikkje heilt i mål i ettermiddag, men gav ikkje opp av den grunn.

Neste, og siste, sjanse dette året er klokka 12 på nyttårsaftan. Ja, klokka 12 på dagen, altså, presiserer Øyvind. Det er få dagar å trena seg opp på før den tid, men innan kvar ferdigheit er det mange ulike øvingar å velja mellom for å nå krava, så her skal det vera rom for alle og ein kvar, sjølv om ein ikkje er topp-trent og sjølv om ein har ein skavank her eller der. Øyvind og dei andre hjelper til så ein finn ei øving som kan passa.

For å få idrettsmerket må ein ha klart kravet i ei øving i kvar av dei fem ulike gruppene trim, spenst/presisjon, hurtigheit, styrke og uthalding. Ein kan bruka heile året og så mange forsøk ein vil og orkar for å nå krava, som sjølvsagt varierer med kjønn og alder. 

Kva øvingane ein kan velja mellom og kva krava er kan ein sjå her.

 

 

 

 

Kje til Fitjar for å gjera seg feite

15.01.2018 Kjetil Rydland

Kje er initiativrike dyr, som straks gjekk i gang med å gjera seg kjende i den nye heimen sin. Foto: Kjetil Rydland. Kje til Fitjar for å gjera seg feite  For nokre dagar sidan...

Les meir ...

Har ikkje klart å flytte ut frå Smedholm…

15.01.2018 Jonas Sætre

Har ikkje klart å flytte ut frå Smedholmen innan fristen Sjølv om leigeforholdet med Fitjar kommune gjekk ut ved nyttår har dei frivillige endå ikkje rydda ut av den kulturhistoriske eigedomen.

Les meir ...

Fitjar kino klar for premiere!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Den nye maskinen er på det nærmaste klar til å visa film i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland.  Fitjar kino klar for premiere! Ole Bergesen ved Fitjar kultur- og idrettsbygg fortel...

Les meir ...
annonse
annonse

Badesesongen i full gang

14.01.2018 Kjetil Rydland

Ikkje akkurat Syden, men Leander Træet slappar av i bassenget. Foto: Kjetil Rydland.  Badesesongen i full gang Bassenget på Rimbareid skule er ope for ålmenta kvar måndag, bortsett frå i skuleferiane. 

Les meir ...

Zumbafeberen herjar igjen!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Spreke damer på zumbamaraton i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Trude Strand. Zumbafeberen herjar igjen! I dag har over 30 spreke damer gjennomført ein tre timars zumbamaraton, den første i på Fitjar...

Les meir ...

Vipe på Fitjar i dag!

13.01.2018 Kjetil Rydland

Vipa er ein flott fugl. Foto: FP-arkiv/KR.  Vipe på Fitjar i dag! I dag fekk Fitjarposten årets første melding om at det er observert vipe på Fitjar.

Les meir ...
annonse

Bankbygget mot ei ny blomstringstid

17.01.2018 Kjetil Rydland

Bygget som Sparebanken Vest flytta ut frå i 2016 ligg fint til midt i Fitjar sentrum. Foto: FP-arkiv/HCH.  Bankbygget mot ei ny blomstringstid Bankbygget i sentrum, som Sparebanken Vest flytta frå i...

Les meir ...