Fredag 20. Juli 2018


Vel verdt eit besøk

Då FItjar idrettslag slo dørene på vidt gap og inviterte til open dag i Fitjar kultur- og idrettsbygg laurdag, fekk dei frammøtte meir enn berre høg puls.

Fleire føredrag av kickboksar og medisinstudent Philip K Rweyendela om både kosthald, trening og motvasjon bar bod om at idrettslaget ynskjer å gjera endå meir for medlemmene sine.Leiar i idrettslaget, Simen Aarskog, innrømmer at det fine vëret ikkje var med i planane då dagen blei planlagt. Det vil seia at besøket halvvegs ut i dagen ikkje var like godt som han hadde håpa, men det uansett viser at idrettslaget ynskjer å ta endå betre hand om både eksisterande og framtidige medlemmar, med å tilby gode treningsmuligheiter, med kvalifiserte instruktørar, og inspirerande samlingar. Han fortel at idrettslaget hadde eit liknande arrangement i fjor også. Den gongen var det internt, men no håpar han at idrettslaget framover kan få til eit par slike dagar i året, der ein går breiare ut, til glede og inspirasjon for fitjarbuen.

Dei som ville, kunne nytta treningsfasilitetane og treningsgruppene som idrettslaget har i kultur- og idrettsbygget, eller få fagleg påfyll, heilt gratis.

Dagens føredraghaldar, kickboksaren Philip K Rweyendela, hadde fleire føredrag knytta opp til ernæring og motivasjon. Særleg det første føredraget, med ernæring knytta opp mot vektreduksjon, burde fengja breitt. Overvekt blir ei stadig større utfordring for samfunnet og folkehelsa, og i jungelen av slankekurar er det vanskeleg å vita kven ein skal stola på. Endå vanskelegare blir det når dei som uttaler seg ofte har eit produkt dei meir eller mindre ope ynskjer å selja.

Rweyendela har gjennom si karriere som toppidrettsutøvar som må passe vekta, eit meir enn vanleg bevisst forhold til kva han tar inn, men når alt kjem til alt, er det eigentleg enkelt, men likevel vanskeleg. Den energien som blir putta i kroppen, må ut att, og han meiner at beste måten å gjera det på, er å redusera energiinntaket og auka aktivitetsnivået, og det er den langsiktige innsatsen som gir varige resultat. Med på vegen fekk tilhøyrarane med konkrete tips, som å forsyna seg først av salaten når tallerken skal fyllast op. Men, som han eksemplifiserte, sjølv om ein lege veit at det er skadeleg å røykja, kan det jo henda at han tar seg nokre trekk i lunchpausen. Då passa det jo bra at Rweyendela i siste foredraget sitt for dagen, såg nærare på suksessfaktorar og motivasjon.

No står det att å sjå om idrettslaget klarar å få til slike arrangement jamleg framover. Ynsket om å gje folkehelsa i Fitjar eit løft på ein forsvarleg måte er der, i alle fall.

Fitjarpoteter i butikkken i morgon!

19.07.2018 Kjetil Rydland

No kan Turid Fitjar forsyna kundane sine med tidlegpoteter frå Fitjargarden. Foto: Kjetil Rydland. Fitjarpoteter i butikken I dag begynte Turid Fitjar å ta opp poteter, og i morgon er det tidlegpoteter frå...

Les meir ...

Pengar til verna kulturminne

19.07.2018 Kjetil Rydland

Rydlandssago var det kulturminnet som fekk det største tilskotet denne gongen.  Pengar til verna kulturminne Kultursjef Bente Bjelland gler seg over at fem søknader om tilskot til verna kulturminne i Fitjar har...

Les meir ...

Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen

18.07.2018 Kjetil Rydland

Illustrasjonsfoto: Pink Fish.  Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen I morgen, 19. juli, opnar Geir Skeie og partnarane den første Pink Fish-restauranten i Bergen. Dette er den tredje restauranten i kjeda...

Les meir ...
annonse
annonse

Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...

Blekkspruten klatra over ripa!

17.07.2018 Kjetil Rydland

Blekkspruten har klatra opp den glatte veggen med sugeskålene sine, og er klar til å hoppa ut att i sjøen. Foto: Gunnar Siglen.  Blekkspruten klatra over ripa! Fiskar Gunnar Siglen fortel ei...

Les meir ...

Vandring i elveleiet til Tveitaelvo

16.07.2018 Kjetil Rydland

Her starta elvevandringa, vel hundre meter nedanfor Botnavatnet. Foto: Magne Røed.  Vandring i elveleiet til Tveitaelvo Tveitaelvo er ei av dei mest vassrike elvane våre, og renn frå Botnavatnet forbi Dalshaugane og...

Les meir ...
annonse

Til topps i NM for islandshest

19.07.2018 Kjetil Rydland

Carolin Storebø og hingsten Arnviður heime i Vik med det synlege provet på siger i NM. Foto: Kjetil Rydland. Til topps i NM for islandshest Med hingsten Arnviður gjekk Carolin Storebø frå...

Les meir ...
annonse