Måndag 21. Mai 2018


Ei stolt bygd takka Mariann

Fitjarbuen hadde møtt opp mannsterke for å gjera stas på Mariann Vestbøstad Marthinsen og takka ho for alle dei stolte augneblinkane ho har gitt bygda, no sist med gullmedalje i paralympiske leikar i Sotsji.

Med musikkinnslag, talar, kaker og prisar blei Mariann Vestbøstad Marthinsen torsdag feira, både som idrettsutøvar og førebilete. Også utanbygds har folk lagt merke til Mariann sine prestasjonar. Erna Solberg var ei av fleire som helsa Mariann denne store kvelden. Og Mariann sjølv var overvelda av at heile arrangementet var stabla på beina for henne, og lurte på om det var heilt fortent. Og det var det. Ole Bergesen og Håkon C. Hartvedt losa publikum innom avgjerande hendingar frå Mariann sitt liv og vegen fram mot den paralympiaren ho har blitt, heilt frå då ho som liten blei kvesta i ei bilulukke og til innspurten i sprintfinalen i Sotsji i mars, både for å illustrera den lange vegen det har vore, samt understreka at Mariann i høgste grad fortener eit slikt arrangement.

Med sterk vilje og energi har ho klart å utmerka seg innfor symjing og sitjeski, og på vegen sett 17 verdsrekordar i bassenget, vunne æresprisar frå idretten og regjeringa, og no sist altså gull i Paralympics. Men det har ikkje komme gratis. Ho fortalte at ho sidan 2003 har trent knallhardt for å byggja opp kroppen til å tåla hardtkjøret, gjort knallharde prioriteringar, for å komma seg dit ho er i dag. Ho omtalar det som eit stort eventyr, med både oppturar og nedturar, men:

- Nedturane gjer oppturane større, og eg er takksam for at eg får halda på med dette, fortalde Mariann.

Under intervjusekvensen med konfransierane kom spørsmålet opp om ho kjem til å satsa vidare eller om ho legg opp.

- Eg har tenkt dei siste vekene no, og tenkt at eg er for rastlaus til å leggja opp, erklærte Mariann.

Då spørs det kor lengje det blir til neste samling i FItjar kultur- og idrettsbygg for å heidra Mariann sine idrettsprestasjonar, sommar som vinter.

Harald Rydland sin tale på 17. mai

18.05.2018 Kjetil Rydland

Harald Rydland held tale i Kultursalen 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Harald Rydland sin tale på 17. mai 2018 Talen som Harald Rydland heldt på 17. mai, var vel verdt å høyra...

Les meir ...

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16…

18.05.2018 Kjetil Rydland

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16! I morgon er det pinseaftan, og då stengjer daglegvarebutikkane klokka 16.00.

Les meir ...

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevy…

18.05.2018 Jonas Sætre

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevyen Anne Marith Sandhåland erstattar Terje Træet i årets sommarrevy. Terje Træet melder avbod til årets sommarrevy i Fitjar grunna helsemessige årsaker.

Les meir ...
annonse

Friluftsgudsteneste 2. pinsedag

18.05.2018 Kjetil Rydland

Frå friluftsgudstenesta 2. pinsedag i fjor. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste 2. pinsedag Det blir frluftsgudsteneste 2. pinsedag i år òg, får me opplyst i ei pressemelding frå Fitjar kyrkje.

Les meir ...

Tradisjonell 17. mai på Hageberg

18.05.2018 Kjetil Rydland

Geir Raunholm smiler lurt under quizen på Hageberg på 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Tradisjonell 17. mai på Hageberg Mellom 30 og 40 strandarar møttest til leik og song på Hageberg skule...

Les meir ...

Humor og høgtid i Kultursalen på 17. mai

17.05.2018 Kjetil Rydland

  Toralv Røen takkar for kulturprisen. Foto: Kjetil Rydland.  Humor og høgtid i Kultursalen på 17. mai Under det høgtidelege 17. mai-programmet i Fitjar kultur- og idrettsbygg fekk me høyra ein alvorleg, men...

Les meir ...
annonse

På handballfestival i strålande pinstivê…

19.05.2018 Kjetil Rydland

Kjekt på Handballfestivalen; f.v. Elisabet, Elise, Runar Øvrebø (gymlærar for jentene), Tomine og Andrine.  På handballfestival i strålande pinstivêr Hanballfestivalen på Stord er i full gang i ideelt festivalvêr, og Fitjar er...

Les meir ...
annonse