Onsdag 21. Februar 2018


Glimrande lokalhistorie

I samband med at han fyller 80 år førstkomande laurdag er Karl Gloppen på marknaden med ny bok. Eit glimrande stykke lokalhistorie.

Boka har fått tittelen «Mellom bakkar og berg i Fitjar» med undertittel «Barndom og ungdomsminne».

Gloppen fortel i forordet av boka at han alltid har likt å lesa bøker og at han gjennom romanar og forteljingar vart inspirert til å skrive sjølv. Men i sine yrkesaktive år fekk han aldri tid til slikt. Jobben som lærar og undervisningsinspektør krov sitt, og fritida var mest fullteikna av sterkt engasjement innan korps, kor, songlag og andre kulturaktivitetar. 

Men då han vart pensjonist for 13 år sidan kom skrivelysten tilbake. Mellom anna har han vore ein flittig bidragsytar til «Sunnhordland årbok» og på «Karl si side» til Stord/Fitjar Miljøkontor. For nokre år sidan gav han óg ut ei bok med Haiku-dikt.

-I denne boka har eg gått tilbake til barne-og ungdomsåra...Dei er enkeltståande hendingar eller minnebilete eg har kalla fram: Ikkje særleg dramatiske, men av og til morosame - og sjølvironiske. Eg held meg på Fitjar - og til slutt litt på Stord, skriv han i innleiinga. 

Karl Gloppen gjekk jo fire år på Stord Lærarskule, og har med nokre minneglimt derifrå. Elles har boka mange artige kapittel der han fortel om nære hendingar frå garden og naturen, sommar som vinter. Herleg ekte - og levande skrive, spør du oss.

Ein viktig del av boka, og sjølv meiner Karl at den kanskje er den viktigaste, er dei to krigsdagbøkene han og broren Bjarne lagde frå 1943-1945. Korte dagboksnotat i stikkordsform, som har verdi i seg sjølv, men som vert endå rikare ved at Gloppen kommenterer dei no i ettertid. Veldig bra - og ypparleg fitjarhistorie. Boka er òg illustrert med vakre og illustrative teikningar, maleri og foto som forfattaren har stått for sjølv.

Til fitjarposten.no fortel Karl Gloppen at han starta på dette prosjektet like etter at han vart pensjonert, og så har det vakse seg fram til ei bok etter kvart. Ei bok på 274 sider.

-Men utan at døtrene mine hadde kome på banen, hadde det nok ikkje blitt nokon bok, meiner Gloppen, og fortel at Aud har teke seg av designen mens Signe har teke korrekturen og kome med gode idear undervegs.

Ta opp hundeskiten!

19.02.2018 Kjetil Rydland

Ta opp hundeskiten! Frå ein hundeeigar som tenkjer på andre har me fått ein klage på respektlause hundeeigarar i Rossneset.

Les meir ...

Turid Bakke Braut og Sigrun Jørdre til t…

18.02.2018 Kjetil Rydland

Turid Bakke Braut vitjar Fitjar kyrkje denne veka.  Turid Bakke Braut og Sigrun Jørdre til temakveld i Fitjar kyrkje Både mor og dotter har hatt mykje av oppveksten på Stord. Mange vil...

Les meir ...

God handballdag

18.02.2018 Kjetil Rydland

 Frå gårsdagens jentekamp mot Bjarg 3. Foto: Privat.  God handballdag Det var ikkje berre dei vaksne damene som spela handball i går, Fitjar hadde fleire lag i aksjon i aldersfastsette klassar, både...

Les meir ...
annonse

Kåra den vakraste boka i verda

17.02.2018 Kjetil Rydland

Aud Gloppen, kjend bokdesignar frå Fitjar. Foto: FP-arkiv/KR.  Kåra den vakraste boka i verda Aud Gloppen frå Fitjar har vore med og kåra den vakraste boka i verda.  

Les meir ...

Årets lokalpolitikar!

17.02.2018 Kjetil Rydland

Harald Rydland, engasjert KrF-politikar. Foto: FP-arkiv / Harald Johan Sandvik.  Årets lokalpolitikar! På fylkesårsmøtet på Sotra i helga blei Harald Rydland utnemnd til årets lokalpolitikar i Hordaland Kristeleg Folkeparti.

Les meir ...

Handballdamene vann klart over botnlaget

17.02.2018 Kjetil Rydland

Ingvild Rimmereid med seks mål mot Lyngbø. (Arkivfoto)  Handballdamene vann klart over botnlaget Fitjar IL sitt damelag vann ein klar siger 26-19 over Lyngbø, og har dermed fått ei ørlita luke ned...

Les meir ...
annonse

4H skal vera synlege!

19.02.2018 Kjetil Rydland

Jens Håkon Birkeland, nyvald leiar i 4H Hordaland. Foto: privat. 4H skal vera synlege! Sist helg var det årsmøte i 4H Hordaland. Over 150 ungdommar i salen og kø på talarstolen lovar...

Les meir ...