Onsdag 21. Februar 2018


Bakken barnehage

Barnehagen er ein privat barnehage, ein kyrkjelysbarnehage med utvida kristen formålsparagraf. Eigar er  stiftinga Fitjar soknerådsbarnehage.

Historikk
Fitjar sokneråd dreiv  frå 1991 til 2006 korttidsbarnehage i fleire bedehus i Fitjar kommune. Nokre år blei det dreve korttidsbarnehage i alle krinsane: Stranda, Øvrebygda, Dåfjorden og Fitjar sentrum. Barnehagen i  krinsane blei nedlagt etter kvart som barnetalet der minka, men i Fitjar sentrum var det ein stor korttidsbarnehage med 32 born heilt til våren 2006.

Fitjar sokneråd såg allikevel behovet for fleire heildagsbarnehageplassar i Fitjar kommune, og oppretta stiftinga Fitjar soknerådsbarnehage. Frå 1.august 2006 var heildagsbarnehagen Fitjar soknerådsbarnehage ein realitet, den første tida i midlertidige lokale i Fitjar bedehus. Ein verna bustad som kommunen hadde for sal blei kjøpt sommaren 2005, og etter ein lengre planleggings- og byggeperiode kunne me ta i bruk den nye barnehagen i Bakken i desember 2008.

Barnehagen har i dag 2 avdelingar:
Marihøna med 12 plassar for born i alderen 0-3 år.
Blåklokka med 24 plassar for born i alderen 4-6 år.

Plass-storleik og pris (foreldrebetaling):
Heil plass                                     kr.2330 + 200 (lunsj,melk,frukt)
60 % plass (3 dagar i veka)           kr.1400 + 120 ( -”-       -”-       )
40 % plass (2 dagar i veka)           kr. 950  + 80   (  -”-       -”-      )

Opningstid: 6.45- 16.45

Kor ligg barnehagen?
Barnehagen ligg i bustadfeltet Bakken. Adressa er Varhaugsvegen 8, men hovudvegen til barnehagen går via Fitjar Idrettspark.

Barnehagen har eit flott og variert uteområde med leikeapparat, plen og ulent terreng. Dessutan er nærområdet til barnehagen Fitjar Idrettspark og friluftsområde Rossneset der me har lavvo. Hovudmottoet for barnehagen er ” Trivsel, glede, leik og rørsle!”

Personalet:
Barnehagen har 4 førskulelærarar ( styrar, 2 ped.leiarar og førskulelærar) og 6 assistentar (av desse er 1 lærarutdanna og 1 barne og ungdomsarb.).

Kurs:
Barnehagen legg vekt på at personalet skal få auka kompetansen sin ved  å delta på kurs. Derfor deltek heile personalgruppa på 2 kurs i året, eit regionalt i regi av FOS (Forum for Oppvekst Sunnhordland) og eit i regi av NLA /kyrkja.
Dessutan har alle i personalgruppa gjennomgått kursopplegget ICDP. Dette er eit program støtta av Barne- og likestillingsdepartementet og som Fitjar kommune ønsker skal få større omfang i kommunen vår.Sjå www.foreldreveiledning.dep.no

Foreldre-grupper:
Styrar i barnehagen har gjennomgått program for rettleiar i ICDP ( International Child Development Programme) og tilbyr kvar haust foreldra til å delta på 6 gruppesamlinger (kl. 15- 16.30) mens borna er i barnehagen.Dette er eit samarbeid med helsestasjonen,og helsesøster deltek på samlingene. På gruppesamlingene bruker me heftet: ” 8 tema for godt samspel”.

Satsningsområde:
*Prosjekt/utviklingsarbeid : Vennskapsbarnehage
Barnehageåret 2008/2009 starta me opp Vennskapsbarnehage-prosjektet. Me inngjekk avtale med ”Stefanusbarnehagane” i Kairo, Egypt i samarbeid med Norsk Misjon i Øst og IKO. Desse barnehagane i ”Søppelbyen” vert dreve av Maggie Gobran (mest kjent som Mama Maggie), universitetslektoren som forlèt sin gode stilling for å hjelpa dei aller fattigaste.
Prosjektet blir vidareutvikla barnehageåret 2009/2010.Me har fått prosjektmidler og 3 av personalet reiser i sept/okt.-09 på studietur til Egypt. Prosjektet har fleire tema: bli kjent med eit anna land/folk/ kultur;  rik/ fattig; me kan dela, arrangera tilstelning og samla inn penger; resirkulering/ gjenbruk.

*Årets forfatter: Alf Prøysen
Me har ei 3 års rullering på forfattarane : Alf Prøysen, Astrid Lindgren og Torbjørn Egner.Me samarbeider med biblioteket (bøker/ utstilling) og Fitjar vidaregåande skule som lagar til teaterframsyning med utgangspunkt i denne forfattaren.

*Språk
”SPRÅKSPRELL”: Dette er eit metodisk opplegg for førskulebarn som me bruker i enkelte samlingsstunder. Opplegget legg vekt på ordrytme, rim og reglar, rimord osb. og er med på å fremje barns språklege utvikling.

*Sosial kompetanse
Me bruker opplegget ” Truls og Trine”. Dette er eit opplegg som består av 25 forteljingar som handler om barn venskap, glede, leik, konfliktar osb.

*Førskulegruppe
Barnehageåret 2009/10 går 22 førskulebarn i barnehagen vår. Desse har eit eige opplegg ei gong i veka.

*Utvida kristen formålsparagraf
Kva tyder det?
I ein barnehage med vid praktisering av den kristne formålsparagrafen , vil fagområdet ” Etikk, religion og filosofi” ha ein større plass enn i dei fleste andre barnehagar. Enkle kristne barnesongar og Bibelforteljingar har ein naturleg plass i barnehagekvardagen. Me har eit godt samarbeid med Fitjar kyrkje som inneber at prestane kjem på besøk og deltek i nokre samlingsstunder. Me har og eit samarbeid kring høgtidene: julegudsteneste m/ julespel, påskevandring , pinsefest og hausttakkefest.

Velkommen til å ta kontakt!

Adresse: Varhaugsvegen 8, 5419 Fitjar
Telefon: 53 22 26 00
Mailadresse: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Styrar: Torunn Konstali Aarskog

 

 

 

 

 

 

 

Ta opp hundeskiten!

19.02.2018 Kjetil Rydland

Ta opp hundeskiten! Frå ein hundeeigar som tenkjer på andre har me fått ein klage på respektlause hundeeigarar i Rossneset.

Les meir ...

Turid Bakke Braut og Sigrun Jørdre til t…

18.02.2018 Kjetil Rydland

Turid Bakke Braut vitjar Fitjar kyrkje denne veka.  Turid Bakke Braut og Sigrun Jørdre til temakveld i Fitjar kyrkje Både mor og dotter har hatt mykje av oppveksten på Stord. Mange vil...

Les meir ...

God handballdag

18.02.2018 Kjetil Rydland

 Frå gårsdagens jentekamp mot Bjarg 3. Foto: Privat.  God handballdag Det var ikkje berre dei vaksne damene som spela handball i går, Fitjar hadde fleire lag i aksjon i aldersfastsette klassar, både...

Les meir ...
annonse

Kåra den vakraste boka i verda

17.02.2018 Kjetil Rydland

Aud Gloppen, kjend bokdesignar frå Fitjar. Foto: FP-arkiv/KR.  Kåra den vakraste boka i verda Aud Gloppen frå Fitjar har vore med og kåra den vakraste boka i verda.  

Les meir ...

Årets lokalpolitikar!

17.02.2018 Kjetil Rydland

Harald Rydland, engasjert KrF-politikar. Foto: FP-arkiv / Harald Johan Sandvik.  Årets lokalpolitikar! På fylkesårsmøtet på Sotra i helga blei Harald Rydland utnemnd til årets lokalpolitikar i Hordaland Kristeleg Folkeparti.

Les meir ...

Handballdamene vann klart over botnlaget

17.02.2018 Kjetil Rydland

Ingvild Rimmereid med seks mål mot Lyngbø. (Arkivfoto)  Handballdamene vann klart over botnlaget Fitjar IL sitt damelag vann ein klar siger 26-19 over Lyngbø, og har dermed fått ei ørlita luke ned...

Les meir ...
annonse

4H skal vera synlege!

19.02.2018 Kjetil Rydland

Jens Håkon Birkeland, nyvald leiar i 4H Hordaland. Foto: privat. 4H skal vera synlege! Sist helg var det årsmøte i 4H Hordaland. Over 150 ungdommar i salen og kø på talarstolen lovar...

Les meir ...