annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Torsdag 17. mai 2012
Hafo-cup på Fitjar

Hafo-cup på Fitjar

9. klasse på Rimbareid skule inviterte til Hafo-cup i Idrettshallen denne helga. 8 lag frå 5. til 9. klasse melde seg på og hadde ein lang dag med mange kjekke kampar, spennande finalar og premieutdeling og diskotek til slutt.

Helga Rimmereid Publisert: søndag 29. januar 2012

Girl power i ein heftig kamp mot Ingen. Girl power i ein heftig kamp mot Ingen.
6. klasse jenter mot Litt for masse makaroni. 6. klasse jenter mot Litt for masse makaroni.
Foreldra på tribunen koste seg med vaflar og kaffi. Foreldra på tribunen koste seg med vaflar og kaffi.
Sebastian T. Tufteland og resten av Jucygutta gav 9. klassegutane hard motstand. Sebastian T. Tufteland og resten av Jucygutta gav 9. klassegutane hard motstand.
Rut Fjelltun, Borgny Vevle Tufte og Judith E. Hageberg selde kaffi, kaker, vaflar og pølser i kiosken. Rut Fjelltun, Borgny Vevle Tufte og Judith E. Hageberg selde kaffi, kaker, vaflar og pølser i kiosken.
6. klassejentene Alva B. Stegane, Marte Rimmereid, Ailin Vik, Malin Tislevoll, Anette S. Drønen, Stina Vik og Christina Koløen var på diskotek og feira sigeren i klassen for dei i 5. og 6. klasse. Med på laget var og Kari, Amalie og Rea. 6. klassejentene Alva B. Stegane, Marte Rimmereid, Ailin Vik, Malin Tislevoll, Anette S. Drønen, Stina Vik og Christina Koløen var på diskotek og feira sigeren i klassen for dei i 5. og 6. klasse. Med på laget var og Kari, Amalie og Rea.

Klikk på bileta for å sjå dei større.

Cupen starta laurdag klokka halv tolv med fotballkamp mellom Girlpower (jenter 5a) og Ingen (gutar 6a). Det vart totalt spelt 13 kampar, som bestod av ein omgang på sju minutt med fotball, og så ein like lang omgang med handball. Når reine jentelag skulle spela mot gutelag fekk dei spela med ein spelar meir, og det same skjedde dersom eit lag skulle spela mot eit lag med eldre spelarar. På trass av stor kampvilje og mange gode redningar av keeper Eli Inntveit på Girlpower, vart dei eit år eldre gutane for sterke for dei spreke jentene. Med toppscorar Marcus T. Opshaug på laget kunne Ingen til slutt telja opp ein ledelse på heile 6 mål.

Cupen såg ut til å vera velorganisert og gjennomføringa gjekk svært fint. 9. klasse, som saman med foreldra sine stod som arrangørar, planlegg tur til Polen hausten 2012, og overskotet etter arrangementet skal gå til denne turen. Elevane sjølv var både domarar og stod i kiosken. Foreldre hjelpte til der det trongst og hadde bakt gode kaker til kiosken, der ein ellers kunne få seg nysteikte vaflar, kaffi, brus og pølser.

Laga sanka poeng gjennom dei innleiande kampane, og dei laga som hadde mest poeng, gjekk vidare til finalen. Finalen for dei i 8. og 9. klasse gjekk mellom 9. klasse gutar og Jucigutta (8. kl.). Jucigutta var overlegne og vann 9-2. Finalen for dei i 5. og 6. klasse gjekk mellom Ingen (gutar 6a) og 6. klasse jenter. Det vart ein svært spennande og jamn finale, som måtte avgjerast med straffekast. Den enda med at jentene, som kom frå både 6a og 6b ved Rimbareid skule og 6. klasse ved Øvrebygda skule, kunne jubla for sigeren 9-8 over dei så godt som jamgode gutane.

Dagen vart avslutta med premiutdeling og eit forrykande, dunkande og blinkande diskotek. Eg møtte delar av det yngste vinnarlaget då diskoteket gjekk mot slutten. Dei strålte om kapp med pokalen, men var usikre på kor dei skulle plassera den sidan dei held til både i ulike klasserom og på ulike skular. Men med ein slik godt samspelt gjeng kjem dei nok fram til ei god løysing på den utfordringa og.

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
6279.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje 17. mai kl 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse
Bygdekino - Fitjar Kultur- og Idrettsbygg søndag 20. mai