Sander Thomassen som Josef og Silje Thorland som Maria.
Sander Thomassen som Josef og Silje Thorland som Maria.
Tradisjonelt julespel med ny regi
Også i år har 7.-klassane ved Rimbareid barne- og ungdomsskule sett opp julespelet Ei glede for heile folket, skrive av Alf Georg Østebrøt.
Rune Longfjeld Rimmereid
Publisert:
mandag 19. desember 2011
Dersom du ønskjer å koma i julestemning, kan du sjå spelet i gymnastikksalen på Rimbareid skule tysdag 20. desember kl. 1800.
Elevane er sikre på at dei som kjem vil få ei flott oppleving. 7.-klassane har prøvd å tenkja litt nytt i forhold til tidlegare oppsettingar av det same spelet, noko som har ført til ny regi og ny scenesetting. I tillegg kan denne unge, kjekke gjengen freista med eige orkester, god song og godt skodespel.
Alle er hjarteleg velkomne!





































