annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Torsdag 17. mai 2012
Fortel historier med heile kroppen
Vera Micaelsen fortel spennande historier.
Vera Micaelsen fortel spennande historier.

Fortel historier med heile kroppen

Forfattar, barnefilosof og tidlegare programleiar for mellom anna VeraVera og Jubalong, Vera Micaelsen besøkte 7.klassane i Fitjar i dag.

Rune Longfjeld Rimmereid Publisert: mandag 31. oktober 2011

Vera Micaelsen byrjar timen med å blåsa opp ein stor ballong. Vera Micaelsen byrjar timen med å blåsa opp ein stor ballong.
Vera Micaelsen viser fram bøkene som ho har skrive. Vera Micaelsen viser fram bøkene som ho har skrive.

Vera Micaelsen har gjeve ut desse bøkene:

På månen spiser de kameler (2005)

Supermamma monstermamma (2008)

Kua som falt ned fra himmelen (2009)

Å klemme fingeren i døra (2011)

Kjempegøy, morosamt og spennande var nokre av superlativa elevane kom med etter å ha høyrt ho snakke om kjensler i 45 minutt.

Vera byrja med å blåsa opp ein stor ballong og sa at ho kom til å smella den på eit uventa tidspunkt, men ingen fekk halda seg på øyrene. Poenget hennar var at når ein venta på at det ville koma eit smell ville kroppen senda ut hormon som førebur ein på å takla det som skal skje. Øv deg opp på å takla situasjonar som er vanskeleg, så er du betre rusta i kvardagen, fortalde ho sjuandeklassingane. Ei øving alle bør øva på kvar dag er å pusta inn med nasen og ut gjennom munnen. Når ein møter stress, noko uventa eller skremmande situasjonar skal ein gjera dette for å takla det som skal skje eller har skjedd.

Ho fortalde og tre rare historier frå verkelegheita som var så fasinerande og uforklarlege at elevane trudde dei var usanne. Ei av fortelingane var om Den hovudlause hanen Mike. Denne handlar kort fortald om ein bonde som kappa hovudet av ein hane og det viste seg at hanen levde vidare. Bonden byrja mata hanen ved å dryppa maisvelling ned i halsen på han. Hanen vart kjend og bonden tente masse pengar på han. Historia om den flygande kua var ei anna av desse forteljingane. Elevane vart fasinert av dei rare historiane som vart framførd med kraftig mimikk og stort engasjement. Møtet med den livlege forfattaren oppmuntra nok mange til å finna fram fleire av hennar bøker.

 

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
3629.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje 17. mai kl 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse
Bygdekino - Fitjar Kultur- og Idrettsbygg søndag 20. mai