Nyeskulen eit steg nærmare
Det er no gjort eit administrativt vedtak på at LINK arkitektur AS får i oppgåve i utarbeide byggjeprogram for den «nye» Rimbareid barne- og ungdomsskule. – Dei hadde det beste totaltilbodet, seier skulesjef Edvin Aase til fitjarposten.no.
Fakta
Rimbareid skule skal byggjast ut og rehabiliterast. Dette omfattar bygging av ny klasseromsdel for ungdomstrinnet på eit utvida skuleområde pluss ombygging og rehabilitering av gjenverande skuleanlegg inne og ute. Den gamle barneskulen frå 1953 skal rivast. Kostnadsramma er sett til 60 millionar kroner.
I byggjeprogrammet LINK arkitektur skal utarbeide, skal desse elementa vere med:
* Omtale av verksemda og dei aktivitetane som skal gå føre seg der.
* Funksjonsprogram.
* Arkitektur, utforming av bygningar og uteområde.
* Framdriftsplan for sjølve prosjekteringa og byggje- og rehabiliteringsfasen.
Dette krev mellom anna at berørte partar vert involvert, og at det vert lagt opp til samarbeid med brukarrepresentantar og byggherre. Byggjeprogrammet skal vere ferdig til årsskiftet 2011/2012.
Deretter har politikarane ein jobb å gjere for å få starte det heile opp. Det må sendast ut anbod på totalentreprise, og vedtak på kven som skal få jobben.
Går alt dette bra vonar ein å kunne trå til med ein byggjefase i 2013 - 2014 slik at elevane kan ta den nye skulen i bruk når skuleåret 2014/2015 startar opp.




































