Bassenget på Rimbareid blir ope for småskulebarn kvar laurdag framover. Foto: Kjetil Rydland.
Bassenget på Rimbareid blir ope for småskulebarn kvar laurdag framover. Foto: Kjetil Rydland.
Laurdagsbading for småskulebarn
Bassenget ved Rimbareid skule vil vera ope kvar laurdag fram til 10. desember.
Kjetil Rydland
Publisert:
tirsdag 18. oktober 2011
Ordninga gjeld først og fremst for foreldre og barn 1. - 4. årssteg. Tiltaket har kome i stand for å styrkja symjeopplæringa for barn i Fitjar, fortel skulesjef Edvin Aase.
Bassenget blir ope førstkommande laurdag klokka 10.00 - 13.00, og kvar laurdag til og med 10. desember. Skulesjefen håper mange vil nytta dette gratistilbodet.




































