Naboane på Reset
Lars Vik
Publisert:
lørdag 01. november 2008
Det er ikkje så mange som har så festlege naboar som me hadde når Nora og Arne levde. Når dotter vår Lillian skulle gifta seg i Austevoll, vart eg beden om å koma bort å få med ein presang til brudeparet. Dei hadde nett vore i bryllup på same plassen og skrytte svært over kor god mat og kor vellukka det hadde vore.
–Men det var eit orkester som spelte så høgt at me måtte gå ut i gongen for å få snakka, dei var visst ifrå Bergen, sa Arne. Men då braut Nora inn:
-Du kan skjøna dei var ikkje ifrå Bergen. Dei spelar ikkje så høgt i Bergen.
- OSLO!!



































