Ber om at tilknyting til Austevoll vert vurdert
I saka om ferjefri E39 mellom Stord og Bergen ber Fitjar kommunestyre samrøystes om at tilknyting til Austevoll vert vurdert. Det skjedde under kommunestyremøtet i dag etter eit framlegg frå Harald Rydland (KrF).
HÃ¥kon C. Hartvedt
Publisert:
onsdag 19. oktober 2011
Fitjar kommune støttar elles tilrådinga frå Statens vegvesen som er gjort i konseptutvalsutgreiinga for Aksdal - Bergen; konsept 4c: Midtre linja via Tysnes/Reksteren og konsept 5b: Indre linje via Fusa, med utgreiing av begge alternativ.
Like eins støttar ein at kyststamvegen Aksdal - Bergen vert prioritert inn i planane (NTP) for 2014-2023, med byggjestart seinast 2019.
Det kommunen ikkje vil ha er ei mellombels løysing som inneber ferje.




































