Spente 10.klassingar før avreise til Polen. Foto: Håkon C. Hartvedt
Spente 10.klassingar før avreise til Polen. Foto: Håkon C. Hartvedt
Klare for Kraków
Klokka 04.00 natt til laurdag sit elevar og foreldre frå tiandeklassane på Rimbareid skule seg på bussane til Aktiv Fredreiser med kurs for Polen.
HÃ¥kon C. Hartvedt
Publisert:
fredag 16. september 2011
Målet er mellom anna Kraków og Auschwitz.
Det er andre gongen elevar og foreldre frå Fitjar er med på dette opplegget der ein vil kome tett innpå det som skjedde i konsentrasjonsleirane under 2. verdskrig.
I tillegg vert det ein svært fin klassetur.
– Eit minne for livet, sa fleire av dei som var med sist.
Første etappe på turen går frå Fitjar til Oslo - og så med Color Magic vidare til Kiel.
I den grad klassane maktar å få over reisebrev til oss, vil me følgja dei på ferda.





































