Fjellheim Friluftsbarnehage tok turen til Lundarstøl.
Fjellheim Friluftsbarnehage tok turen til Lundarstøl.
Vinterleikar på Lundarstøl
– Fredag den 10. februar tok Fjellheim Friluftsbarnehage med seg dei 15 eldste barna i alderen 4-6 år på «Vinterleikar» på Lundarstøl på Stord, fortel styrar Anne Karin Nilsen til fitjarposten.no.
HÃ¥kon C. Hartvedt
Publisert:
mandag 13. februar 2012
Nilsen fortel vidare at dei hadde med seg gapahukar, pølser, lomper, varm drikke og godt med ved. Ungane hadde med seg ski og akebrett.
– Dette vart ein dag full av latter og moro. Kjekt å aka i full fart nedover dei fine bakkane på Lundarstøl. Maten på bålet smaka ekstra godt medan barna sat lunt inne i gapahukane. Ein herleg dag i snø og sol, smiler styraren til slutt.
Â
Â






































