Eigarskifte i REMA 1000 på Fitjar
Etter ønskje frå kjøpmann Geirmund Aga går REMA 1000 Norge inn som ny eigar av REMA 1000, Fitjar. Eigarskiftet er gjeldande frå 1. februar.
HÃ¥kon C. Hartvedt
Publisert:
mandag 30. januar 2012
– Noko meir dramatikk enn det er det ikkje i dette, undertrekar Eirik Fuglum i regionsstyret for REMA 1000 overfor fitjarposten.no. Dei er no på jakt etter ny franchisetakar.
– Me lyser nok ut internt, men er i utgangspunktet opne for alle løysingar, legg Fuglum til. Han understrekar vidare at butikken fortset som før, og trur ikkje at kundane vil merka så svært mykje til eigarendringa.





































