annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Torsdag 17. mai 2012
I skuggen av Stord
Roger Alsaker, Atle Nilsen og Geir Ove Johansen med pokalen for siger i Veterancup. Foto: Roald Magne Nilsen.
Roger Alsaker, Atle Nilsen og Geir Ove Johansen med pokalen for siger i Veterancup. Foto: Roald Magne Nilsen.

I skuggen av Stord

Glade gutar frå Fitjar kom litt i skuggen av Stord, som gjekk heilt til topps i årets Veterancup i Lærdal.

Kjetil Rydland Publisert: søndag 29. januar 2012

Ronald Hareide, Endre Bergesen og Ole Bergesen vel heime att etter ein ny minnerik tur til Lærdal. Foto: Kjetil Rydland. Ronald Hareide, Endre Bergesen og Ole Bergesen vel heime att etter ein ny minnerik tur til Lærdal. Foto: Kjetil Rydland.

Men suksessen til Stord la absolutt ingen dempar på stemninga til glade Fitjar-veteranar som kom heim søndag ettermiddag. Stord vann veteranklassen med desse sterke spelarane på laget: Roger Alsaker, Atle Nilsen, Geir Ove Johansen, Paal Chr. Alsaker, Josten Almås, Roald Hansen, Kjell Tore Vassnes og Bjørn Gundersen. Sterke namn med sterk tilknyting til Sagvåg. 

Ole Bergesen fortel at Stord imponerte stort mot eit knallsterkt Ålesund-lag, som gjekk gjennom puljespelet utan poengtap, og med 32 plussmål! Stordi låg under 0-4 mot Ålesund då det stod att 4 minutt av kampen, men klarte på mirakuløst vis å vinna 5-4 etter at Paal Chr. Alsaker scora vinnarmålet frå død vinkel.

Ingen av laga frå Fitjar kom seg vidare frå puljespelet. I den eldste klassen stilte desse Fitjar-spelarane: Bjarne Romfog, Endre Bergesen, Geir Bjarte Hatlevik, Jarle Nesbø, Roald Magne Nilsen, Ronald Hareide og Ole Bergesen. Toppscorar blei årets debutant i superveteranklassen, Jarle Nesbø, med sju mål. I veteranklassen stilte Fitjar med desse spelarane: Jostein Mjønes, Roger Nesbø, Kjell Træet, Rune Brakedal, Frode Brakedal, Arve Havnerås og Victor Aga.

Vel heime att fortel Ronald Hareide til Fitjarposten at dei også denne gongen har hatt ein strålande tur til Lærdal, og ein veterancup der trivselen står i høgsetet. At dei ikkje nådde heilt opp sportsleg, gjekk på ingen måte ut over stemninga. Dei har fått sjå mykje god fotball av mange kjente fotballspelarar frå fjærn og nær. Og naturlegvis er det kjekt å sjå naboane våre frå Sagvåg hamla opp med dei aller beste.

Alle resultata frå årets Veterancup i Lærdal, finn du her:

 

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
5966.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje 17. mai kl 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse
Bygdekino - Fitjar Kultur- og Idrettsbygg søndag 20. mai