annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Torsdag 17. mai 2012
Tre Fitjar-lag til Veterancup i Lærdal
Den legendariske midtstopparen Roald Magne Nilsen er klar for tur til Lærdal. T.v. den kjende høgrebacken Bjørn Haaland. Foto: Kjetil Rydland.
Den legendariske midtstopparen Roald Magne Nilsen er klar for tur til Lærdal. T.v. den kjende høgrebacken Bjørn Haaland. Foto: Kjetil Rydland.

Tre Fitjar-lag til Veterancup i Lærdal

- Aldri før har så mange Fitjar-lag tatt turen til Lærdal og årets veterancup, som blir rekna som eit uoffisielt NM, fortel Ole Bergesen til fitjarposten.no.

HÃ¥kon C. Hartvedt Publisert: onsdag 25. januar 2012

- Superveteran +50 med Fitjar sin tidlegare legendariske midtstoppar Roald Magne Nilsen fer av garde. Med seg har dei òg eit veteranlag +40 der ein mellom andre finn tidlegare storspelarar som Victor Aga, Rune Brakedal og Arve Havnerås, fortset Bergesen.

Han fortel vidare at nytt i år er at òg damelaget fer av garde med Fitjar Gold Girls, som skal spele i den yngste Old Girls klassen. Her er stamma det laget som vart krinsmeistrar for eit par år sidan, med Anne Helene Vestbøstad, Britt Lise Volden og Anne Kristin Skår for å nemne nokon. Desse skal få bryne seg på lag som Sandviken med Gro Espeseth, Arna Bjørnar og fleire. Her får ein verkeleg målt krefter. Dei som kjenner til kvalitetane til dette laget, veit at dei på ein god dag kan slå kven som helst.

Herrelaga i begge variantar får møte Brann på sin veg mot eventuelt finalespel. Der vil namn som Kjell Rune Pedersen og Anders Giske vere med på det eldste laget, mens ei gammal legende som Trond Egil Soltvedt vil vere med og prege det yngste laget. Bærum med Stig Inge Bjørnebye vil òg vere ein av motstandarane som det yngste herrelaget må stri med.

Fitjar er representert for 6. året på rad i turneringa og vil også denne gongen ha fokus på å representere Fitjar IL Fotball på ein framifrå måte, seier Ole Bergesen til slutt.

 

 

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
6159.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje 17. mai kl 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse
Bygdekino - Fitjar Kultur- og Idrettsbygg søndag 20. mai