annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Torsdag 17. mai 2012

Inviterer til idédugnad om Fitjarfjellet

Dei nye vegane til fjells opnar for nye måtar å nytte Fitjarfjellet på. No er det etablert ei arbeidsgruppe som ønskjer å samle inn idear om dette.

HÃ¥kon C. Hartvedt Publisert: fredag 18. november 2011

Dei nye vegane opnar for nye måtar å bruke Fitjarfjellet på. Arkivfoto: FP/HR Dei nye vegane opnar for nye måtar å bruke Fitjarfjellet på. Arkivfoto: FP/HR

Utfordringa går til lag og organisasjonar så vel som til privatpersonar. Det er viktig å kome med ideane no, før utbygginga er ferdig.

Tore Sigurd Fitjar, som er koordinator for arbeidsgruppa som skal samla inn og systematisere ideane som kjem inn, fortel at det var Fitjar Idrettslag / Orienteringsgruppa som nyleg tok initiativet til eit møte om denne saka. I tillegg til folk i frå eigne rekkjer samla dei representantar frå Fitjar Grunneigarlag, Fitjar Idrettslag, Stord-Fitjar Turlag, Midtfjellet Vindkraft, Friluftsrådet Vest og Fitjar kommune.

Allereie på dette møtet starta idedugnaden. Det vart mellom anna nemnt idear som akebakkar, lysløype, rasteplassar, servicebygg og parkering ved Olstjønn, etablerte utkikkspunkt, mountainbike trasé og tilrettelegging av aktivitetar for funksjonshemma. (T.d. kan ein båt med baugport plasserast i Midtvatnet, slik at funksjonshemma kan kome seg utpå der for å fiske).

- Kva som kan realiserast vil tida vise (nokre av ideane vil krevje både søknad og omregulering). No gjeld det å få inn flest mogleg idear. Etter jul vi me så arrangere eit møte der me presenterer det som har kome inn, og tar det vidare derifrå, seier Tore Sigurd Fitjar til fitjarposten.no.

Dei rundt 20 kilometrane med nye vegar i området, som fitjarposten.no tidlegare har skrive om, gjer i alle fall området lettare tilgjengeleg for fleire grupper enn dei som har ferdast i fjellområdet fram til no.

Så: Har du gode idear om korleis området kan utviklast til beste for folk flest, kan du bringe ideane dine vidare til tore.fitjar@haugnett.no.

- Det er viktig for meg å understreka at dette ikkje handlar om for eller imot vindmøller, men om korleis me kan utnytte dei nye moglegheitene i Fitjarfjellet på beste måte, understrekar Tore Sigurd Fitjar til slutt.

Info om utbyggingsplanane til Midtfjellet Vindkraft AS finn du her.

Her er ein brosjyre som oppsummerar prosjektet - og som har med eit kart over vegnettet som vil stå ferdig komande sommar.

 

 

 

 

 

 

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
2120.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje 17. mai kl 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse
Bygdekino - Fitjar Kultur- og Idrettsbygg søndag 20. mai