annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Torsdag 17. mai 2012
Nye «Harvest» skal leverast i august neste år.
Nye «Harvest» skal leverast i august neste år.
Nye «Harvest» skal leverast i august neste år.

Ny kjempekontrakt til FMV

– Fitjar Mekaniske Verksted (FMV) signerte i dag ein ny kontrakt, verd 200 millionar kroner, med Hardhaus AS i Austevoll om bygging av ein ny fiskebåt. Wärtsilä Ship Design på Fitjar har gjort designen.

Håkon C. Hartvedt Publisert: tirsdag 31. januar 2012

Denne kontrakten illustrerer såleis kor sterkt regionen vår står innanfor fiskefartøysegmentet. Dei tre selskapa har òg ei historie som viser eit langt og godt samarbeid. Allereie i 2003 designa Wärtsilä  ”Hardhaus”, som vart bygt på FMV, og nye ”Harvest”, som får byggjenummer FMV36, er det 15. fiskefartøyet designa av Wärtsilä på Fitjar, som FMV byggjer. Fartøyet skal leverast i august neste år.

«Harvest» er ei ny utgåve av dei to skipa Hardhaus AS har i dag. – Saman med rederiet har designarane utvikla eit energieffektivt fartøy, optimalisert for fartøyets driftsprofil.», heiter det for dei meir teknisk interesserte.

Den nye båten vil bli 67 meter lang og ha ei breidde på 14.80 meter. Lastevolumet for fisk og nedkjølt sjøvatn (RSW) vert på 1830 kubikkmeter. Det er Leif Hjelmen hos Wärtsilä som har teikna båten.

FMV har god grunn til både å flagga og feira.

– Med denne nye ordren har me ein ordrereserve på 775 millionar kroner, seier verftsdirektør Hugo Strand til fitjarposten.no. Han skryt både over samarbeidet med Wärtsila, som nærast er for ei nabobedrift å rekne, og teamorientert som han er løftar han òg fram medarbeidarane Oddbjørn Torland, Åsmund Sørfonn og Nils Andreas Brekke. Folk som har stått sterkt på for å skaffa FMV nye ordrar.

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar Såpekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
Hårloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
1479.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
Gåvekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje 17. mai kl 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse
Bygdekino - Fitjar Kultur- og Idrettsbygg søndag 20. mai