Ei skuffa bikkje lurer på kor alle dei sakna sauene har teke vegen. Foto: Kjetil Rydland.
Ei skuffa bikkje lurer på kor alle dei sakna sauene har teke vegen. Foto: Kjetil Rydland.
Ikkje ei klauv II
Eit nytt søk etter sauer i Fitjarfjellet i dag gav like dårleg resultat som sist laurdag.
Kjetil Rydland
Publisert:
tirsdag 27. september 2011
I dag gjekk turen inn langs Botnavatnet og forbi Småtjødnane opp mot Litlasåto. Derfrå gjekk me sørvestover og undersøkte grundig området mot Dyrdal, utan resultat. Heller ikkje på Kongsskogbrunene eller Klysskar såg me teikn til dei 40 dyra som er sakna.
Dermed forblir det eit ope spørsmål kor dyra har teke vegen, og ikkje eit spørsmål av den trivelege sorten.




































