annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Torsdag 17. mai 2012
Det er lagt inn ventilasjon i det nye taket i speilsalen.
Det er lagt inn ventilasjon i det nye taket i speilsalen.
Det er lagt inn ventilasjon i det nye taket i speilsalen.

Nytt tak

Det er kome opp nytt tak i speilsalen i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Helga Rimmereid Publisert: fredag 27. januar 2012

Nye lyddempande takplater i taket i speilsalen. Nye lyddempande takplater i taket i speilsalen.
Skulekorpset, som no tel over 30 musikantar i hovudkorpset, trivst svært god i speilsalen. Skulekorpset, som no tel over 30 musikantar i hovudkorpset, trivst svært god i speilsalen.

Sidan nyttår har det vore jobba med taket i "speilsalen" i andre etasje i Fitjar kultur- og idrettsbygg, og salen har då vore stengd. Dette arbeidet vart ferdig til jubileumsfeiringa 21. januar, og dagen etter fekk skulekorpset testa ut både den nye akustikken og luftkvaliteten.

Det er no om lag eit år sidan den såkalla "speilsalen" var ferdig innreidd, og den har vore mykje nytta til ulike aktivitetar i året som har gått. I taket har det vore ope opp mot ventilasjonsrøyr og anna utan at det har vore noko ventilering i rommet, og med tanke på lyden har det ikkje vore så gode forhold for dei som har halde på med musikk der. No har alt dette betra seg. Taket er plata og har fått passe god lyddemping, og det er lagt inn ventilasjon til rommet. Desse forbetringane kjem mange ulike grupper til gode, og både musikantar og dansarar kunne gle seg over å ta rommet i bruk att denne veka.

Det er stor aktivitet i speilsalen så godt som kvar dag. Om måndagane har skulekorpset øving her, og om torsdagane er det musikklaget sin tur. Treningssenteret har både bosu her om tysdagane, og zumba både tysdag, onsdag og søndag, og dei nye dansegruppene til kulturskulen inntek speilsalen heile tysdag ettermiddag.

Dei som var på jubileumsmiddagen her sist laurdag, fekk sjå at dette rommet og eignar seg svært godt som festlokale. Det vart riktig så elegant med festpynta bord og ein heil vegg med spegel. For dei som ikkje trivst med dei store speglane, er det store svarte gardiner som ein kan trekkja føre.

Det er dagleg leiar i Fitjar kultur- og idrettsbygg Ole Bergesen som administrerer aktivitetane i speilsalen.

 

 

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
3112.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje 17. mai kl 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse
Bygdekino - Fitjar Kultur- og Idrettsbygg søndag 20. mai