annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Torsdag 17. mai 2012

Ny suksess for Osternes Mannskor

Osternes Mannskor har vore på turné til Bygdetunet i Langevåg med kabareten «De` mann før eit kast». Resultatet var stinn brakke og stormande jubel.

Håkon C. Hartvedt Publisert: søndag 22. januar 2012

Osternes Mannskor i «De`mann før eit kast». Arkivfoto: FP/KR Osternes Mannskor i «De`mann før eit kast». Arkivfoto: FP/KR

– Koret var invitert av Langevåg og Lykling sokneråd, og framsyninga var utseld fleire timar før det heile starta. Det møtte likevel opp ein god del som ikkje hadde billettar, i håp om å få kjøpt billettar ved inngangen, mellom anna folk heilt ifrå Brandasund. Arrangørane syntest det var for gale å senda dei skuffa heim att, og det vart sett inn fleire stolar, fortel ein stornøgd leiar i koret, Karvel Strømme, til fitjarposten.no.

Stemninga i Bygdatunet, som er mindre enn kultursalen i Fitjar, vart svært god og tett. Kor og publikum kunne praktisk tala "ta på kvarandre", vert det fortalt.

Framsyninga glei elles lett og fint. Etter tre framføringar er kor, orkester og solistar svært godt drilla.

Det seier òg litt om stemninga at formannen i sin takketale etter konserten sa : «No har me starta på verdsturnéen og ventar berre på fleire invitasjonar.»

Velfortent ros går til koret med dirigent Ole Christian Ottestad, Svein Tørnquist og orkesteret, hovmeister, opplesarar, solistar og med-koristar. Me er spente på fortsetjinga.

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
6060.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje 17. mai kl 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse
Bygdekino - Fitjar Kultur- og Idrettsbygg søndag 20. mai