annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Torsdag 17. mai 2012
Pinsegudsteneste i friluft

Pinsegudsteneste i friluft

Godt over hundre personar fann vegen til Svartavatnet i strålande solskin, då turlaget og Fitjar kyrkje inviterte til friluftsgudsteneste andre pinsedag.

Helga Rimmereid Publisert: mandag 13. juni 2011

Folk sat litt spredt, men godt, i det naturlege amfiet i hallinga nedanfor Svartavatnet. Folk sat litt spredt, men godt, i det naturlege amfiet i hallinga nedanfor Svartavatnet.
Silje Rydland, Ingvild Prestbø, Guro Rimmereid, Oda Rydland, Helga J. Raunholm og Vegard Aarbø spelte flott til allsongen. Silje Rydland, Ingvild Prestbø, Guro Rimmereid, Oda Rydland, Helga J. Raunholm og Vegard Aarbø spelte flott til allsongen.
Nils Vestbøtad las dikt om ein ny vår. Nils Vestbøtad las dikt om ein ny vår.
Ved enden av Svartavatnet. Ved enden av Svartavatnet.

Dei fleste tok beina fat frå Vassverket, med eller utan stokk. Andre kom frå Vistvikjo elller via Beinatjørnsvarden. Nokre få kom syklande, og dei som ikkje evna koma opp for eigen maskin fekk hjelp av ulike motoriserte køyretøy eller ei sterk mor eller far.

Det var lunt og godt i hallinga nedanfor utlaupet av Svartavatnet.  Kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu stod for gudstenesta og nådde godt ut til den spreidde forsamlinga på trass av at batteriet i mikrofonen var flatt. Allsongen vart løfta av ei flott messinggruppe frå skulekorpset, fuglane deltok i akkompagnementet og lovsongen tona godt utover fjellheimen. Nobu, som kyrkjelydspresten kallar seg, snakka om den spesielle plassen mennesket har i skaparbiletet, og refererte til både Salme 8 som var lesetekst og preiketeksten i Joh. 3,16-21.

Etter at velsigninga hadde lydd ut over fjellheimen og forsamlinga var det tid for kyrkjeniste og kaffi, før turfolket retta nasa heimover igjen, anten beine vegen eller om Beinatjørnsvarden saman med turleirar Ellen Vestbøstad.

Folk hadde ein fin tur både opp og ned,  uansett kva side dei kom frå. Gudstenesta var flott med ei nydeleg, naturleg ramme, og samla alle generasjonar. Sola skein og varma. Ormen haldt seg vekke. Alt var så vellukka at dette arrangementet gjerne kunne ha samla endå fleire enn dei vel hundre som deltok på den tradisjonelle friluftsgudstenesta i dag.

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
6077.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje 17. mai kl 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse
Bygdekino - Fitjar Kultur- og Idrettsbygg søndag 20. mai