annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Torsdag 17. mai 2012
Ti spreke kvinner og menn trassa uveret onsdag kveld. Foto: Kjetil Rydland.
Ti spreke kvinner og menn trassa uveret onsdag kveld. Foto: Kjetil Rydland.
Ti spreke kvinner og menn trassa uveret onsdag kveld. Foto: Kjetil Rydland.

Intervalltrening gir kondis

Kvar onsdag i rundt halvanna år har ein sprek gjeng skjerpa den fysiske formen med intervalltrening på løpebanen i Fitjar Idrettspark.

Kjetil Rydland Publisert: fredag 13. januar 2012

Tek me ikkje mykje feil, så er det Tom Rydland som trassar det ufyselege veret. Foto: Kjetil Rydland. Tek me ikkje mykje feil, så er det Tom Rydland som trassar det ufyselege veret. Foto: Kjetil Rydland.

Sidan oppstarten i august 2010 har intervallgjengen i friidrettsgruppa trent kvar onsdag kl. 19.30 på løpebanen.Talet på oppmøtte har variert frå éin til oppunder 30 deltakarar, men ser no ut til å liggja stabilt på 10-15 glade løparar, fortel Bård Inge Bø, som plar springa i front under intervalltreningane. Aldersspennet er frå 17 til 55, men med hovudvekta på dei mellom 30 og 45.

Denne treningsforma passar for absolutt alle uansett form, kjønn eller alder, seier Bård Inge. Deltakarane spring i to minutt og har pause i to minutt, og gjentar dette seks gonger. Dei startar alltid saman etter eit løp, så dei som har litt pust igjen i pausane, har vist tilløp til sosial omgang med kvarandre. Dei mest trufaste trimmarane har vist at treninga gir resultat, til dømes på testløpa dei har om lag kvart halvår (3000 m) og på Fitjardalten.

Sist onsdag var ikkje noko unnatak, trass i kuling og kalde, tunge regnbyer. 10 spreke unge menn og kvinner trassa seg gjennom uveret utan å grina på nasene sine. Ein regntung, men sprek Bård Inge Bø understrekar at det er plass til langt fleire. Særleg dei under 25 - fotballspelarar - og alle mosjonistar som vil komma i betre form blir oppmoda om å møta.

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
6020.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje 17. mai kl 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse
Bygdekino - Fitjar Kultur- og Idrettsbygg søndag 20. mai