Sundag 27. Mai 2018


Åtte spelarar frå Badmintongruppa i Fitjar Idrettslag deltok i helga på Askøy open, og dei kom tilbake med gode resultat. For seks av desse var det første turneringa utanfor Fitjar.

- Marcus Busch Isaksen og Ruben Træet stilte i herresingel (HS) U 15 A. Begge to var med på Vestlandsmeisterskapen 2012 på Fitjar, der Ruben Træet vann i B klassen. Denne gongen stilte dei i A klassen, og Marcus tok ein kjempeflott tredjeplass. Saman stilte dei i herredouble (HD) U 15 A. Her enda dei på andreplass.

Chayenne Berntsen stilte i damesingel (DS) U13 B. Dette var første turneringa til Chayenne, og ho enda på ein flott andreplass. Anne Berntsen stilte i damesingel (DS) C. Det blei tre kampar mot spelarar med fleire års erfaring. Litt tøff motstand. Anne blei likevel bitt av basillen, og har nok ikkje tenkt å gje seg med dette.

Andre Helland stilte i herresingel (HS) C. Her blei det òg tre kampar mot spelarar med fleire års erfaring. Der var moro å sjå korleis Andre vente seg til fjørballar under kampane. Hadde han møtt motstandaren han møtte i andre kamp til slutt, er eg sikker på han hadde vunne den kampen, skriv Håkon Rydland Sæbø til fitjarposten.no.

Sjølv stilte han i herresingel og double. Etter eit halvt år som organisator/trenar og lite tid til eiga trening, var det ein opptur for han å ta eit sett mot Kenneth Gundersen frå Sotra i herresingel (HS) B. Saman med Andre Olsen Aadland stilte han i herredouble (HD) B, der dei tok ein flott andreplass. Med fleire matchballar i siste sett, var det utruleg at dei ikkje drog sigeren i land.

Håkon Rydland Sæbø fortel elles til fitjarposten.no at det måndag kveld var fullt på treninga til badmintongruppa heime på Fitjar. 24 spelarar delte på sju banar.

- I løpet av sesongen er mange nye spelarar komne til, og per i dag er det 37 medlemmer i klubben. For å sjå etter aktuelle turneringer framover kan ein gå inn på badminton.no, klikka seg inn på konkurransar og vidare på terminliste. Der finn ein alle turneringane som er planlagt ut 2012/2013 sesongen, seier Sæbø til slutt.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Ikkje drep hoggormen!

25.05.2018 Kjetil Rydland

I dag hadde denne stakkars hoggormen kome fram i sola og mist livet. Foto: Kjetil Rydland. Ikkje drep hoggormen! I ettermiddag låg ein død hoggorm på traktorvegen frå Dalshaugane opp mot Tveitakleivo...

Les meir ...

Inviterer til «Dei Unges festspelframsyn…

25.05.2018 Jonas

Inviterer til «Dei Unges festspelframsyning» Laurdag inviterer Fitjar kulturskule, saman med dei andre kommunane i Sunnhordland, til «Dei unges festspelframsyning» i kinosalen i Stord kulturhus.

Les meir ...

Både Drønen og Lydersen på søkjarlista

25.05.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen vil bli sokneprest i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. Både Drønen og Lydersen på søkjarlista Då søknadsfristen gjekk ut denne veka, var både fungerande sokneprest Fríðleif Lydersen og tidlegare Fitjar-prest Roald Drønen...

Les meir ...
annonse

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjon…

24.05.2018 Jonas Sætre

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjonar: – Potensialet er mykje større enn 1000 restaurantar I november var planen til Geir Skeie å starte opp 10 restaurantar av hurtigmatkonseptet «Pink Fish» i løpet...

Les meir ...

Innfører totalforbod mot open eld

24.05.2018 Jonas Sætre

Innfører totalforbod mot open eld Illustrasjonsfoto: Pixabay Fitjar kommune innfører totalforbod mot open eld i grunna stor  gras-, lyng- og skogbrannfare.

Les meir ...

«Verdas o-dag» – ei global mønstring

23.05.2018 Kjetil Rydland

 Ola og Jon Fitjar Hjelle sprang den korte løypa, og kom i mål hakk i hæl. Foto: Kjetil Rydland. «Verdas o-dag» – ei global mønstring I går var Fitjar med på «Verdas...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Legg ny straumkabel

26.05.2018 Kjetil Rydland

Her blir det lysregulering framover, til arbeidet med straumkabelen frå bedehuset til Rimbareid er ferdig. Foto: Kjetil Rydland. Legg ny straumkabel I desse dagar legg Fitjar Kraftlag ned ny straumkabel mellom Fitjar...

Les meir ...
annonse