Til helga kan du reisa på Tysnesfest, fram og tilbake, med snøggbåt. Foto: Tysnesfest

Hurtigbåt til Tysnesfest

Førstkomande laurdag går det snøggbåt frå Leirvik, Rubbestadneset og Fitjar til Våge i høve Tysnesfest.

 

Dette går fram av ei melding frå Tysnesfest på Facebook.

Snøggbåten M/S «Tranen» går frå Leirvik laurdag ettermiddag, via Rubbestadneset og Fitjar, til Våge. Det er råd å koma seg heim att med den same båten om natta. 

 

- Annonse -

Rutetabell og billettprisar for denne ekstraturen finn du på den same Facebook-sida til Tysnesfest.