Strandsnipe i Pøylo, i nordenden av Dåfjorden. Foto: Kjetil Rydland. 

Dagens fugl: Strandsnipe

Strandsnipe er liten fugl med ein fin plystrelyd – og både fuglen og den fine lyden er verd eit par ord.

 

Om du er ved sjøen eller ein bekk eller eit vatn og høyrer ein kraftig plystrelyd, utan at du ser nokon fugl, kan det godt henda det er ei strandsnipe i nærleiken.

Dette er ein beskjeden, liten fugl, om lag 40 gram tung og 18–24 cm lang. Han er å finna både langs strandkantar, bekker og elvar. På nært hald er det ein ganske fin fugl, og han lar seg lett studera, for han er ikkje så veldig sky.

Det er den mest vanlege vadefuglen vår, med om lag 150 000 par spreidd over heile landet. Hos oss er han å sjå til dømes ved Kongsskogvatnet eller i Dåfjorden. Strandsnipa er ein trekkfugl som kjem i mai og drar igjen i august–september. 

- Annonse -

Meir informasjon finn du på nettstaden miljølære.no

 


Strandsnipe i karakteristisk flukt rett over vassflata. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Strandsnipe i Dåfjorden. Foto: Kjetil Rydland.