Lillefosse europameister i stavsprang

Under europameisterskapet i friidrett for junior i Györ i Ungarn gjekk Pål Haugen Lillefosse heilt til topps i stavsprang med resultatet 5,46.

 

Pål Haugen Lillefosse vann i går stavsprang under EM for junior i Ungarn. Høgda 5,46 er ny meisterkapsrekord og ny personleg rekord utandørs, og tangering av innandørsrekorden til Lillefosse. Dette går fram av ei meldig på nettstaden Norsk Friidrett i dag.

Den unge friidrettsmannen frå Gneist kan såleis koma heim med to medaljar frå meisterskapet i Ungarn. Fredag sprang han inn til 10,72 og tredjeplass på 100 meter, eit lite stykke bak persen sin. Her var han ikkje heldig i starten, men kom seg inn på medaljeplass etter ein god finish.

Lillefosse fortel til Fitjarposten at vinnarresultatet 5.46 gjev han ein plass blant dei fire-fem beste i verda i klassen sin. Han prøvde seg på 5,55, ei høgd som er kvalifikasjonskrav til senior-EM i Berlin og som ville vore verdsrekord for klassen U18. 

17-årigen Pål Haugen Lillefosse frå Bergen er som ein skjønar eit av dei største friidrettstalenta i Noreg, og dette gler oss litt ekstra sidan han har sterke band til Fitjar. Faren heiter Arne Lillefosse og er vaksen opp på Fitjar; og bestefaren, Peder Lillefosse, var ein av dei beste utøvarane i Fitjar Idrettslag for rundt 50 år sidan.

- Annonse -

Me gratulerer med Pål Haugen Lillefosse med gullmedaljen, og ser fram til å følgja han vidare mot nye høgder.