Daniel Rolfsnes i innløpet. Foto: Privat.  

Ferierer i o-løypene

Fleire av dei ivrigaste o-løparane frå Fitjar har vore i Odda og sprunge konkurranse i helga, og tidlegare i veka deltok Rolf-Atle Rolfsnes også på Karmøy.

Fjord-O Vest 2018 er eit samarbeid mellom Haugesund IL Orientering og Odda O-lag. Det var løp i Skudeneshavn onsdag og torsdag og på Seljestad laurdag og søndag.
Dei to første løpa samla rundt 240 løparar, mens det var nesten 400 på dei siste løpa. 80 ulike klubbar og 11 nasjonar er representert.

Berre Rolf-Atle deltok frå Fitjar på Karmøy, men heile familien Fitjar Hjelle og familien Rolfsnes var i aksjon laurdag og søndag – i flott vêr og fint, tørt og fartsfullt terreng.

Laurdag var det langdistanse og søndag mellomdistanse i o-teknisk krevjande terreng. Dei fleste fitjarløparane stiller i N- og C-klassar. Mari Fitjar Hjelle sprang bra i D13-16C, og vann før søstra Eline begge dagar. Mette Fitjar vann D17c i dag.

Jakob Rolfsnes sprang bra laurdag, og vann klasse H15-16B, men stempla på ein feil post på søndagen. Daniel Rolfsnes klarte å vinna begge dagar i klasse H17C. 

- Annonse -

Resultat frå løpa i Fjord-O 2018 kan du lesa på denne linken til Eventor

  


Dei yngste er ferdige med løpet og ventar i målområdet på resten av familien. Foto: Privat. 

 
Glade jenter med gode løp i dag. Foto: Privat.  


Rolf-Atle Rolfsnes i aksjon. Foto: Privat.

 


Mette vann klasse D17c i dag. Foto: Privat.