Neste søndag blir det gudsteneste med Fridleif Lydersen akkurat her. Foto: Kjetil Rydland.  

Friluftsgudsteneste i Kråko

Neste søndag blir det gudsteneste på Port Steingard i Kråko, opplyser Fridleif Lydersen i ei pressemelding.

 

Å vere ute i friluft er godt for lekam og sjel. Friluftsgudstenester blir meir og meir vanlege. Vi hadde ei vellykka gudsteneste i Vistvik for to år sidan, så vi tenkte vi skulle ha ei ny friluftsgudsteneste midt på sommaren i år.  Søndag 15. juli kl. 11.00 blir det friluftsgudsteneste i Kråko ved sida av kaféen og bryggeriet.

Vi vil oppfordra folk til å ta turen til Kråko for å vere med og feire gudsteneste til Guds ære og velsigning for menneske. Det vil vere ein del sitjeplassar på staden, men blir vi mange, så kan hende det er lurt å ha med seg noko å sitja på.

Vi blir i kyrkja viss det mot all formodning blir dårleg vêr, skriv Fridleif Lydersen i pressemeldinga.

- Annonse -