Fitjar kyrkje med nytt orgel. Foto: Jan Overweg

Ny lunsjkonsert i kyrkja

I morgon er det klart for ny lunsjkonsert i Fitjar kyrkje med kantor Jan Overweg.

 

Kantor Jan Overweg held fram med lunsjkonsertane i Fitjar kyrkje, heiter det i ei pressemelding frå Fitjar kyrkje.

Komande laurdag 7. juli kl.12.00 er det klart for den andre konserten i ein serie på tre. Det blir ein liten musikalsk tur gjennom Europa – frå England til Sverige – på 30 minutt. Det er gratis inngang.

Siste lunsjkonserten i sommar blir laurdag 21. juli.

- Annonse -