Stolt unge av årets kull begynner å sjå ut som ei terne i lufta. Her under prøveflyging denne veka. Foto: Kjetil Rydland. 

Terneungane har fått luft under vengjene

Fleire ternepar i Havn har arbeidd hardt i sommar med å få fram nye ungar, og no begynner dei unge å få luft under vengjene.

 

Me vågar på ingen måte å utropa årets sesong til ein suksess, men registrerer med ei viss glede at fleire terneungar i Havn ser ut til å utvikla seg som dei skal.


Ikkje like elegant under landing som mor og far, men det gjekk bra denne gongen. Foto: Kjetil Rydland. 

I desse dagar driv dei prøveflyging utanfor båthamna, og ungane begynner å sjå ut som vanlege makrellterner, sjølv om dei ikkje akkurat er like elegante i lufta som foreldra sine.

- Annonse -

Det ser ut itl å vera litt fleire makrellterner i Fitjar i år enn i fjor, men kor mange som klarer seg, veit me ikkje. I von om at det lukkast for flest mogleg av dei å koma seg til Syden i live, legg me ved nokre bilete trå tednelivet i Havn i juni og juli. 

Makrellternene trekkjer mott det sørlege og vestlege Afrika frå juli og utover. Me ønskje lukke til. 

 


Tednefamilie fotografert 16. juni. Foto: Kjetil Rydland.  

 

 


Her begynner ein av ungane å få luft under vengjene, 28. juni. Foto: Kjetil Rydland.  

 


Dette ser ut som ein nabokrangel, men årsaka er ikkje kjend. Foto: Kjetil Rydland.