Måndag 23. Juli 2018



Lars Helge Grov og Onar Westereheim viser fram ei nærmast perfekt plate med forsegla honning frå biene til Onar på Prestbø. Slik skal det sjå ut! seier dei ivrige birøktarane. Foto: Kjetil Rydland.

Det fløymer over av honning!

Den fine sommaren har ført til rekordproduksjon – travle bier i Fitjar lagar meir honning enn nokon gong.

 

– Det fløymer over av honning! slår ein gledesstrålande Onar Westerheim fast.

Den ivrigaste birøktaren i distriktetet vårt har sett endå meir pris på den uvanleg fine førsommaren enn folk flest. Det umåteleg fine vêret har nemleg gitt rekordproduksjon av honning i kubane hans. 

 


Slik ser ei perfekt plate med honning ut. Dei flittige Prestbø-biene til Onar Westerheim har forsegla rundt to kilo honning med voks slik ar den kan stå seg i mange år. Foto: Kjetil Rydland. 

 
Godvêret gav rekordproduksjon

Onar Westerheim fortel at han aldri har opplevd så stor produksjon på denne tida av året; han har aldri fått så mykje sommarhonning. På dei beste dagane har det blitt produsert 3,5 kg honning per kube. Mellom to og tre kilo per kube er vanleg, god dagsproduksjon. Han fortel at han følgjer godt med på arbeidet til dei travle biene. I ei av kubane på Prestbø har han montert ei vekt som viser utviklinga. Kvar kveld klokka 20 sender den SMS til mobiltelefonen hans med totalvekt og vektauken siste døgeret. 

Onar viser gledesstrålande fram ei perfekt honningtavle som han har teke inn på Prestbø dagen før. Den inneheld rundt to kilo honning som er dekt med voks. Dette arbeidet er biene veldig nøye på; med slik steril forsegling kan honningen stå seg i årevis, seier Onar. 

Kollega Lars Helge Grov legg til at i utlandet er det vanleg å skjera stykke av slike fine plater og servera som naturell honning. Dette skal vera ein delikatesse, men er ikkje så vanleg her til lands. 



Lønsam hobby

Hittil i år har Onar hausta rundt 350 kilo honning frå vel eit dusin kubar. Produksjonen var naturlegvis størst under det finne sommarvêret; seinare ha dagsproduksjonen vore på rundt to kilo. Han legg ikkje skjul på at birøkt er bra økonomi: – Det er den mest lønsame hobbyen eg har hatt, seier han og smiler. 

Prisen på råhonning er rundt 100 kilo, og for ferdig slynga honning er kiloprisen rundt det doble. Då skal det ikkje så mykje hovudrekning til for å skjøna at det kan bli litt pengar av det. 

Onar fortel at det har vore mangel på honning dei seinare åra, og at prisane har vore aukande. Heldigvis er interessa for honningproduksjon på veg opp att no, seier den ivrige birøktaren, som minner om at produksjonen var ganske stor i vårt distrikt for ein del år sidan. Då Stavland dreiv stort, hadde han heilt opp i 1800 kubar!

Hovudtyngda av honning på våre kantar kjem når røsslyngen blømer, så Onar har god tru på at dette blir eit rekordår.

 

Reinavlsområde for brunbia – me må ta vare på den opphavlege vestlandsbia!

– Verdien av pollineringa som biene utfører, er ti gonger større enn verdien av honningen dei produserer, uttalte Onar Westerheim til Fitjarposten i fjor.

Ikkje berre på grunn av økonomien, men like mykje på grunn av samanhengane i naturen, er Onar Westerheim og Sunnhordland birøktarlag sterkt engasjerte i biavl. Høgt på dagsorden står å ta vare på brunbia, som er den opphavlege bia på Vestlandet. Då munkane begynte med birøkt på Vestlandet på 16-1700-talet, var det denne typen bier dei brukte. No er brunbia er ein sterkt utryddingstruga art, og det hastar med å ta vare på og foredla denne bia. Ho er spesielt godt tilpassa vårt klima, og er svært effektiv på lyngtrekket. 

– Ho toler lågare temperatur enn dei fleste andre bier, og fyk ute i nesten all slags vêr, seier Onar. 

Sunnhordland Birøktarlag ser for seg ei rekkje mål med å foredla brunbia. Dei vil arbeida for ei bie med roleg gemytt, som er lite stikkelysten, lettstelt og minskar konfliktnivået i nabolaget. Vidare vil dei arbeida for å redusera svermetrongen og avla fram ei meir sjukdomsresistent bie som samstundes har samleevne. For å få dette til arbeider birøktarlaget for å få tak i godt avlsmateriale, lettare tilgang på nye dronningar og kurs i dronningavl, blant mange andre tiltak. 

I fjor søkte Sunnhordland Birøktarlag om oppretting av reinalvlsområde for den brune bia, og Norges Birøktarlag støtta søknaden. Slik har dei fått støtte til ein del av tiltaka som er nemnt ovanfor. På Fitjar er det parestasjon for bier i området vårt. 

– Me har ikkje begynt med inseminering, seier Onar Westerheim. 

Dronningane bur i små bisamfunn saman med ganske få arbeidsbier. Så fyk dei ut og parar seg med dronar som dei møter ute. Det er viktig at dei parar seg med dronar som òg har bra arvemateriale. Ein drone er ei hannbie som eigentleg berre har ei viktig oppgåve i livet, nemleg å para seg med dei dronning. I denne verda er det ikkje monogami, presiserer Onar, det er vanleg at ei dronning parar seg med ti dronar.

For å understreka dette poenget legg kollega Lars Helge Grov til at kvar drone etterlet seg litt av kjønnsorganet sitt i dronninga etter at han har para seg. Og så er det opp til nestemann å fjerna desse etterlatenskapane før han får avlevert sæden sin.

 

Tvangssamanslåing kan vera nødvendig

Eit bisamfunn består gjerne av 50 000 bier, og det er ein ganske effektiv storleik, seier Onar. Kjem storleiken opp i 80 000 er dei litt for mange. Men eit bisamfunn kan òg vera for lite, slik at det klarer seg dårleg på eiga hand. 

– Då kan det vera nødvendig med tvangssamanslåing, seier Onar. Blant anna må dei vera mange nok i kassen sin til å halda varmen; dei må ha ein innvendig temperatur på 34 grader. 

I ein av kassane i Dyvik er det litt for få bier, og her vurderer Onar og Lars Helge å setja ein kasse oppå, slik at dei blir mange fleire bier. Men endeleg vedtak om tvangssamanslåing blei ikkje gjort denne dagen. 

 

Avlar fram nye dronningar

I ein annan kasse mangla biene dronning, og her må dei tilsetja ei ny dronning. Onar har avla fram heile 70 nye dronningar i år. Mor til desse er den beste av testdronningane frå 2015-serien, og fedrane er dronar frå utvalde kubar på Fitjar. Onar har fått tak i teestdronningar fordi han er med i avlsprogrammet til Norges Birøktarlag.

I ein liten parekassett i plast har han ei dronning saman med ein liten flokk kvinnelege arbeidsbier. Her er lagt egg, så då veit han at dronninga er para og klar til å gjera ein jobb. Dronninga har budd ei stund i denne plastboksen saman med dei andre biene, men paringa føregår ute i friluft. Ho parar seg med den eine dronen etter den andre oppe i lufta. 

– Eg har sett ei lita sky av bier oppe i lufta, fortel Lars Helge Grov, då er det paringa som pågår. 

 

Travelt og kort liv

Ei dronning kan leva i fleire år – så lenge som biene i svermen ser seg tent med henne. Men dronane har eit svært kort liv. Dei døyr etter at dei har para seg med ei dronning.

– Då fell dei til jorda og er døde før dei når bakken, seier Lars Helge Grov.

Ei kvinneleg arbeidsbie lever ikkje så mange månader, og mange av dei som er i full sving i dag, er døde før innvintringa til hausten. Men det kjem stadig nye til, og dei som blir fødde no utover, vil vera med på lyngtrekket og vil utgjera bisamfunnet som skal overvintra.

– Ei flittig arbeidsbie samlar gjerne ei teskei honning i løpet av eit liv, seier Onar. 

Me kan trygt snakka om at biene er flittige, og at dei gjer ein viktig jobb.

  


Tavle med yngel, både komande arbeidarbier og dronar. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Her ser me åtte droneyngel midt på biletet; den lengst til høgre er i ferd med å krypa ut av sitt gode skinn. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Dronar har berre ei oppgåver; det er å para nye dronningar. Dei blir kasta på dør om hausten, for då er det ikkje bruk for dei lenger. Foto: Kjetil Rydland.

 


Oppi denne plaskassen er det ein lite bisamfunn, og me kan sjå at dronninga er befrukta, for ho har lagt egg. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Lars Helge Grov fangar dronninga som skal over i ein ny kube. Foto: Kjetil Rydland.

 


Dronninga blir merkt med ein lakkstift slik art ho blir lettare å kjenna igjen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Lars Helge Grov puttar dronninga inn i ein plastboks som er tetta igjen i eine enden med litt proviant som ho skal eta opp. Foto: Kjetil Rydland.

 


Den nye dronninga er på plass i den nye svermen sin; når ho har ete seg ut av plastboksen sin om eit par dagar, er biene blitt vane med henne og godtar henne truleg som dronning. Foto: Kjetil Rydland.  

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Ny lunsjkonsert med kantor Overweg

20.07.2018 Kjetil Rydland

Kantor Jan Overweg ved det nye orgelet i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland.  Ny lunsjkonsert i kyrkja med kantor Overweg I morgon er det klart for ny lunsjkonsert i Fitjar kyrkje med kantor...

Les meir ...

Til topps i NM for islandshest

19.07.2018 Kjetil Rydland

Carolin Storebø og hingsten Arnviður heime i Vik med det synlege provet på siger i NM. Foto: Kjetil Rydland. Til topps i NM for islandshest Med hingsten Arnviður gjekk Carolin Storebø frå...

Les meir ...

Fitjarpoteter i butikkken i morgon!

19.07.2018 Kjetil Rydland

No kan Turid Fitjar forsyna kundane sine med tidlegpoteter frå Fitjargarden. Foto: Kjetil Rydland. Fitjarpoteter i butikken I dag begynte Turid Fitjar å ta opp poteter, og i morgon er det tidlegpoteter frå...

Les meir ...
annonse
annonse

Pengar til verna kulturminne

19.07.2018 Kjetil Rydland

Rydlandssago var det kulturminnet som fekk det største tilskotet denne gongen.  Pengar til verna kulturminne Kultursjef Bente Bjelland gler seg over at fem søknader om tilskot til verna kulturminne i Fitjar har...

Les meir ...

Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen

18.07.2018 Kjetil Rydland

Illustrasjonsfoto: Pink Fish.  Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen I morgen, 19. juli, opnar Geir Skeie og partnarane den første Pink Fish-restauranten i Bergen. Dette er den tredje restauranten i kjeda...

Les meir ...

Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Køyrde 700 km for å kjøpa ny løpsbil!

20.07.2018 Kjetil Rydland

Bobla med 2,4 liters motor er på plass i bilparken på Rydland, og meir eller mindre klar til Landsfinalen i august. Foto: Kjetil Rydland. Køyrde 700 km for å kjøpa ny løpsbil Sist...

Les meir ...
annonse