MF «Husavik» i Sandvikvåg i går. Foto: Kjetil Rydland.

Ferja til Austevoll innstilt inntil vidare

Ferjesambandet Husavik–Sandvikvåg er innstilt på grunn av teknisk feil, og selskapet Fjord1 ber publikum nytta alternativ reiserute inntil vidare.

 

Den nye elferja MF «Husavik» starta opp i sambandet sist laurdag, men i går kveld kl. 23.36 melde Fjord1 om teknisk svikt. 

Ferjesambandet har vore innstilt sidan i dag tidleg, og det vil ta litt tid før det er igang att, seier operativ leiar Bjørn Grønbech Barstad i Fjord1 til Fitjarposten.

Folk frå leverandøren av utstyret som har svikta, er på veg. Samstundes prøver dei å få tilbake ferja «Vågsøy», som gjekk i sambandet fram til laurdag, men denne er på eit lite verkstadopphald.

- Annonse -

Kor lang tid det vil ta før ferjesambandet er i gang att, kan ikkje Barstad seia sikkert, og han ber publikum finna alternativ reiserute, for biltrafikk er dette om Krokeide–Hufthamar.