Fitjar Mekaniske får ny brønnbåt-kontrakt med nystarta reiarlag

Det nystarta reiarlaget Hordalaks AS har kontrahert brønnbåten «Hordagut» hos Fitjar Mekaniske Verkstad.

Båten vil ha eit lasteromsvolum på 4700 kubikkmeter og er designa av Heimli i samarbeid med Fitjar Mekaniske. «Hordagut» vil vere 83 meter og 18 meter brei.

Aksjonærane i Hordalaks AS er fleire lokale oppdrettsselskap, mellom anna Engesund Fiskeoppdrett AS og Fylkesnes Fisk AS.

– Me har jobba tett saman i utviklinga av designet. Det er lagt svært stor vekt på utviklinga av lastesystemer, slik at optimal fiskevelferd vert oppnådd for heile spekteret frå smolt til slaktefisk, skriv Fitjar mekaniske i ei pressemelding.

Båten vil vere diesel-eketrisk og bli klargjort for installasjon av batteripakke.

– Denne brønnbåten vil tilfredsstille alle operasjonelle krav til moderne, effektiv og fleksibel fiskebehandling, og transport.

- Annonse -

– Båten er utvikla i samarbeid mellom solid oppdrettskompetanse, erfarne seilande og eit nyskapande designmiljø på Fitjar. Me er svært nøgde med resultatet og stolte over tilliten, seier verftsdirektør Hugo Strand.

Han legg til at det også på vegner av norsk skipsbyggingsindustri og regional verdiskaping er all grunn til å glede seg over denne kontrakten.

«Hordagut» skal leverast i april 2020.