Måndag 23. Juli 2018



Kultursjef Bente Bjelland klar til å vandra langs Fitjarelva. Foto: Kjetil Rydland. 

Promenade langs Fitjarelva – bli med på namnekonkurranse!

Turstien langs Fitjarelva blei ferdig i vår, og blir ein del av rundløypa med Strandpromenaden og gangveg via Moahagen og idrettsbanane.

 

Kultursjef Bente Bjelland er ikkje så lite fornøgd over at ein ny, viktig del av denne rundløypa nærmast er ferdig. Det har kome ein fin grussti langs Fitjarelva frå Fitjar Fjordhotell til Moahagen. Entreprenør K. Volden gjorde ferdig vegstykket langs Fitjarelva i slutten av mars. 

No kan me gå frå Sentrum langs ein gangsti nesten utan hindringar forbi Fitjar Fjordhotell, Fitjar kultur- og idrettsbygg, langs Fitjarelva til Moahagen. Derfrå kan me gå vidare anten opp til grasbanen, til grusbanen eller bort til Rema 1000 og tilbake til Sentrum. 

Kultursjef Bente Bjelland fortel at dette er eit prosjekt som har hatt prioritet på politisk hald i Fitjar kommune. Dei har fått 360 000 i spelemidlar til vegen. Og no har dei løyvd 10 000 kroner til skilt. Desse vil ho få opp allereie til hausten. I godvêret før helga kjøpte kultursjefen to grillgryter som ho monterte i Moahagen. Ho foreslår derfor å kosa seg i skuggen i Moahagen med grillmat innimellom bading i Fitjarelva. Den er vel litt for grunn til å symja, men det kan jo vera kjekt å vassa i sommarvarmen og sjå på småauren. 

Førebels heiter løypa "koseturen", seier Bente Bjelland. Men dette namnet er ikkje endeleg; no har ho bestemt seg for å lysa ut namnekonkurranse på turstien. Forslag kan sendast på e-post til bDenne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. innan 5. august. Vinnar av konkurransen får eit gåvekort på kr 500 hos MX Sport Fitjar på kr. 500. Vinnaren vert kunngjort under opninga av Fitjarfestivalen. 

 


Når me har fjerna dei store steinane og fått tak i litt meir sand, går det an å bada her, seier kultursjefen. Foto: Kjetil Rydland.

 


Her kan du setja deg ned og grilla, seier kultursjef Bente Bjelland. 

 

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Ny lunsjkonsert med kantor Overweg

20.07.2018 Kjetil Rydland

Kantor Jan Overweg ved det nye orgelet i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland.  Ny lunsjkonsert i kyrkja med kantor Overweg I morgon er det klart for ny lunsjkonsert i Fitjar kyrkje med kantor...

Les meir ...

Til topps i NM for islandshest

19.07.2018 Kjetil Rydland

Carolin Storebø og hingsten Arnviður heime i Vik med det synlege provet på siger i NM. Foto: Kjetil Rydland. Til topps i NM for islandshest Med hingsten Arnviður gjekk Carolin Storebø frå...

Les meir ...

Fitjarpoteter i butikkken i morgon!

19.07.2018 Kjetil Rydland

No kan Turid Fitjar forsyna kundane sine med tidlegpoteter frå Fitjargarden. Foto: Kjetil Rydland. Fitjarpoteter i butikken I dag begynte Turid Fitjar å ta opp poteter, og i morgon er det tidlegpoteter frå...

Les meir ...
annonse
annonse

Pengar til verna kulturminne

19.07.2018 Kjetil Rydland

Rydlandssago var det kulturminnet som fekk det største tilskotet denne gongen.  Pengar til verna kulturminne Kultursjef Bente Bjelland gler seg over at fem søknader om tilskot til verna kulturminne i Fitjar har...

Les meir ...

Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen

18.07.2018 Kjetil Rydland

Illustrasjonsfoto: Pink Fish.  Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen I morgen, 19. juli, opnar Geir Skeie og partnarane den første Pink Fish-restauranten i Bergen. Dette er den tredje restauranten i kjeda...

Les meir ...

Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Køyrde 700 km for å kjøpa ny løpsbil!

20.07.2018 Kjetil Rydland

Bobla med 2,4 liters motor er på plass i bilparken på Rydland, og meir eller mindre klar til Landsfinalen i august. Foto: Kjetil Rydland. Køyrde 700 km for å kjøpa ny løpsbil Sist...

Les meir ...
annonse