Vidar Aarskog og Fitjar Idrettslag fekk besøk av to toppidrettsmenn i går, Senay Fissehatsion sette ny, suveren løyperekord, og Michael Ande Tesfamichael var ikkje stort dårlegare. Foto: Kjetil Rydland.

Rekordar i Midtfjellet Halvmaraton

Løyperekordane fall som fluger under laurdagens Midtfjellet Halvmaraton, som samla rekordstor deltaking i skodde og lett regn. 

 
Vêret skremte ikkje løpshungirige sprekingar frå å stilla opp, og det blei rekorddeltaking i årets Midtfjellet Halvmaraton. Heile 41 fullførte den lengste løypa, og 28 den korte løypa på 5419 meter.


Nina Aarbø Olsen og Lars Lunde vann kvar sin klasse i 5419-løypa. Foto: Kjetil Rydland. 

Og det var ikkje berre mosjonistar som var ute og famla i skodda denne laurdagen. Frå Oslo kom dei to toppløparane Senay Fissehatsion, Tjalve, og Michael Ande Tesfamichael, BUL. Dei smadra løyperekorden, og den gamle kjenningen Kim Laitinen frå Stord måtte nøya seg med tredjeplassen, sjølv om han sprang eit godt løp. 1.16.18 lyder den nye rekorden til Senay Fissehatsion på. 

I dameklassen sette Maryna Novik frå Klypetussen ny løyperekord på 1.29,28, nesten eit halvt minutt betre enn den gamle løyperekorden, som ho sette sjølv for to år sidan. Men også dei tre neste damene på lista imponerte stort, Ann Kristin Mosbron, Gunhild Pedersen og Nora Markhus var ikkje så langt bak. 

- Annonse -

Ingen kvinner frå Fitjar deltok i denne klassen, og beste Fitjar-løpar blei Lars Andreas Larsen på tiandeplass totalt med tida 1.42,28. Unge Larsen var vel eit minutt føre Magne Skumsnes, som fekk tredjepremien i klassen M45-64. Elles må me eit lite stykke lenger ned på lista for å finna Olav Johannes Oma og Asbjørn Vik. 

I den korte løypa, på 5419 meter, markerte Fitjar-løparane seg noko betre. Bård Inge Bø vann klassen M35-44 på tida 22,54, som heldt til femteplass totalt. Men han var sjanselaus mot dagens raskaste i 5419-løypa. Lars Lunde hadde tydelegvis bestemt seg for å vinna, og sette like godt løyperekord med den sterke tida 19,09. Nina Aarbø Olsen vann den raskaste dameklassen, K19-34, på ny løyperekord, og ei tid som heldt til sjuandeplass totalt. Familien Sandvik Bø fekk to andre førstepremiar med seg heim; Anna vann K0-14 og Solfrid vann K35-44. 

Ein annan ungdom som imponerte, var unge Elias Skålevik frå Ask Friidrett, som vann M0-14 på tida 25.00. Elles let me oss imponera over fleire gode prestasjonar. Blant andre viser den gamle Fitjar-guten Frank Helland stadig framgang, og han vann klassen M45-54 år. Og ikkje minst Harriet Tverderøy, som vann klassen K65+ på tida 37,41. 

Arrangementet i lett regn og skodde gjekk nesten prikkfritt, trass i det litt stusselege vêret. Skodda skapte utfordringar for eit par av maratonløparane, som tok feil då dei skulle svinga nordover mot Landasåto. I staden slo dei følgje med 5419-løparane og fekk eit mykje kortare løp enn dei hadde planlagt. Så vidt me forstår, var merkinga bra, men arrangementskomiteen tar naturlegvis erfaringa med seg i planlegginga til neste år. 

Når det gjeld vêret, var nok det verst for komiteen med dagleg leiar i Fitjar Idrettslag, Vidar Aarskog, og styreleiar Gisle Levåg i spissen. Etter mange timar i fjellet blei dei både våte og kalde. For løparane er ikkje lett regn noko problem. Den suverene vinnaren, Senay Fissehatsion frå Tjalve i Oslo, seier at regnet var greitt. Ei større utfordring var grusdekket og mange motbakkar og unnabakkar. Han er nemleg mest van med baneløp, og spring 5000 meter under 14 minutt. Kollegaen Michael Ande Tesfamichael frå BUL er meir maratonløpar.

Begge har imponerande personlege rekordar på halvmaraton, 1 time og 4 minutt og 1 time og 6 minutt. Så det var rettelege storkanonar som vitja Fitjar og Midtfjellet i går. Og dei lova å koma tilbake til neste år!

Som vanleg når Fitjar Idrettslag arrangerer noko, er Ole Bergesen aldri langt vekke frå mikrofonen. Og som vanleg gjekk alt unna etter oppsett skjema. Denne gongen hadde han med seg Arve Havnerås frå Sparebanken Vest på Stord. Banksjefen stilte med dei to «Sparegrisane» og underheldt dei unge med lykkehjulet sitt. Havnerås nytta òg høvet til å dela ut store og små – helst store – sjekkar til gode formål som lag og organisasjonar i Fitjar hadde søkt banken om. 

Klassevis resultat kan du lesa på denne linken til EQ Timing.

 


Lars Lunde i klar leiing ut frå start. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Magne Skumsnes kjem ut av skodda på Blekjet og spring inn til tredjeplass i klassen sin. Foto: Kjetil Rydland. 

Sjå fleire bilete under resultatlistene!

 

Komplett resultatliste frå Midtfjellet Halvmaraton 2018.
Vinnarane i dei ulike klassane med utheva skrift.

Halvmaraton

1. Senay Fissehatsion, Tjalve    1.16,18    Vinnar H19-34

2. Michael Ande Tesfamichael, BUL  1.18,10

3.  Kim Laitinen, Stord IL       1.27,28

4.  Maryna Novik, Klypetussen    1.29,28   Vinnar K35-44

5.  Johnny Vea, Spor-AS       1.31,04   Vinnar M45-64

6.  John Tislevoll Almås, Stord IL        1.34,35

7.  Ann Kristin Mosbron, Haugesund   1.35,48

8.  Gunhild Pedersen, BPI     1.35,55   Vinnar K19-34

9.  Nora Markhus, Mosterhamn            1.41,03

10. Lars Andreas Larsen, Fitjar IL      1.42,28

11. Per Fredrik Wangen, BERGEN      1.42,46

12. Gunnar Aarseth, Spirit Stavanger   1.42,58

13. Magne Skumsnes, Fitjar IL       1.43,46

14. Arne Åsnes, Bremnes IL       1.45,31   Vinnar M35-44

15.Steinar Landa, Tønsberg kommune 1.47,00

16.Roger Bergstø, Opptur Motbakkeklubb 1.47,13

17.Ole Raunholm, Stord     1.48,30

18. Marlene Nyborg Veivåg, BPI 1.50,37

19. Olav Johannes Oma, Fitjar 1.52,25

20. Magne Berge, Klypetussen 1.53,26

21. Knut Eide Løkhammer, Grøfteløfte 1.54,03

22. Karl Olav Gravdal, IL Solid 1.55,13

23. Marianne H. Espeland, Helse Fonna 1.55,13

24. Mona Tyssøy, Karmsund    1.58,10   Vinnar K45-64

25. Åse Helgeland, Haugesund 2.00,50

26. Paumier Jerome. Bremnes 2.03,36

27. Andreas Greffel, Follese Heimb. 2.03,49

28. Asbjørn Vik, Fitjar IL                 2.05,33

29. Rune Svensen, Solid 2.11,55

30. Beata Danabre, Equinor BIL 2.12,11

31. Harald Måge, IFK         2.16,24

32. Barbara Schymura, Sagvåg 2.19,38

33. Margot Carlsen, Loddefjord 2.20,09

34. Karen Sørensen, Haugesund triatlon 2.27,01

35. Oddbjørn Aamodt, Bryne triatlon 2.28,05

36. Håvard Carlsen, Trondheim 2.31,22

37. Unni Carlsen Våga, Haugesund 2.47,21

38. Ellen Serine Myklebust, Haugesund 2.47,25

39. Åshild Jensen, Haugesund IL 2.47.25

40. Synnøve Knutsen, Haugesund 2.47,25

41. Elin Hoilst-Larsen, Stjernene         2.47,26

 

 

5419

1. Lars Lunde, Stord IL                             19,09 Vinnar M19-34

2. Petter Thuen Nilsen, Team Nilsen          21,22

3. Arne Jordåen, Stord IL                         21,46 Vinnar M15-18

4. Anders Hundeide Magnussen, Onarheim IL 22,43

5. Bård Inge Bø, Fitjar IL                          22,54 Vinnar M35-44

6. Thomas Hjertnes, Bergen                      23,16

7. Nina Aarbø Olsen, Fitjar                      24,03 Vinnar K19-34

8. Renato Straume Fogliani, Singapore Shufflers 24,39

9. Sander Gjøsæter. Stord IL                     24,44

10. Elias Skålevik, Ask Friidrett              25,00 Vinnar M0-14

11. Johannes Sandvik, Fitjar IL                  26,10

12. Anna Bø , Fitjar IL                              26,25   Vinnar K0-14

13. Åsmund Skålevik, Ask Friidrett            26,29

14. Gjermund Westerheim, Sagvåg           28,17

15. Solfrid Bø, Fitjar IL                             28,20 Vinnar K35-44

16. Gisle F. Bø, Fitjar Racing Team           30,48

17. Bjart Sandvik, Fitjar IL                          31,48

18. Karl Joachim Svendsen, Stord             33,33

19. Frank Helland, SKK                            34,45  Vinnar 45-54

20. Beathe Susanne Haugland, Valevåg   35,20

21. Ida Dragvoll, Valevåg                           35,23

22. Samuel Aarbø Olsen, Fitjar                 36,50

23. Johannes Olsen, Fitjar IL                    36,52

24. Tori Torbjørnsen, Fitjar IL                    36,53

25. Harriet Tverderøy, Stord IL              37,41 Vinnar K65+

26. Silje Torbjørnsen, Fitjar IL                  40,32

27. Klara Olsen Aadland, Fitjar IL            40,34

28. Mary Kenya Solbakken, Fitjar IL        50,14

 


Nina Aarbø Olsen og Bård Inge Bø i fint driv ut frå start. Foto: Kjetil Rydland.

 


Lars Lunde går i mål som vinnar av 5419, og konstaterer at han har sett ny løyperekord. Foto: Kjetil Rydland. 

 


I teltet framfor det store fjellskiltet hadde sekretariatet søkt ly. Edel Brekke med den blå paraplyen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Arve Havnerås og Tori Torbjørnsen ropar ut at det er ny runde med lykkehjulet. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Og her er dei i gang med å blåsa i SPV-ballongar. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Sparegrisane til Arve Havnerås spreidde glede i regnet. Foto: Kjetil Rydland.

 


Her har Osternes mannskor fått pengar til nytt lydanlegg. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Maryna Novik blir gratulert med løyperekord av nummer to i klassen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Sebastian og Emilia Kalvenes og Elva Bjørk kjem inn frå minimaraton. Foto: Kjetil Rydland. 

 

 

Magnus Volden sprang minimaraton på 4,23, og får medalje av Geir Inge Isdahl. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Her er det Gunnar Aarseth som kjem ut av skodda. Foto: Kjetil Rydland. 



Nora Markhus blei nummer ni totalt, og nummer to i klassen K19-34. Foto: Kjetil Rydland.