Ber kommunen utgreie konsekvensane av å flytte Selevik-krinsen til Stord kommune

Sigurd André Maraas fryktar nedlegging av skulane på Øvrebygda og Selevik, og trur nedlegging av sistnevnte kan føre til at krinsen søkjer seg over til Stord kommune. Foto: Kjetil Rydland

Sigurd André Maraas i Framstegspartiet ber Fitjar kommune om å konsekvensutgreie ei evnetuell justering av kommunegrensa dersom Selevik skule vert lagt ned.

– Med bakgrunn i saka om skulenedleggelse så har fleire frå Selevik-krinsen teke til orde for, og lansert Sagvåg skule som eit alternativ for ungene sine. Eg ønskjer difor at me konsekvensutgreier ei eventuell justering av kommunegrensa mellom Fitjar og Stord.

Dette skreiv Maraas i eit innspel til formannskapsmøtet i Fitjar onsdag. Frp-politikaren meiner dette er eit sentralt element som bør inngå i debatten rundt skulenedlegginga.

– Dersom skulebruksplanen endar med nedlegging av grendaskuler, så er dette med justering av kommunegrensa eit alternativ som bør konsekvensutgreiast, med krinsens ve og vel som bakteppe.

– Vil det til dømes kunne bevare skulen i krinsen? Eller vert det då ein hastig nedlegging for så å flytte elevene til Sagvåg? Alt dette, pluss andre konsekvenser er noko eg meiner me skal gå opp, skriv Maraas.

- Annonse -