Andrea Brakedal med marihøna som ho har laga på kulturskulen. Foto: Kjetil Rydland.

Kulturskulen med kunst til glede for oss alle!

Visuelle kunstfag hadde mykje fint å visa fram for klassekameratar, søsken, foreldre og besteforeldre under onsdagens utstillingsopning i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

 

Ein heil flokk vener og familiemedlemmer stilte opp då Fitjar kulturskule bad inn til opning av utstillinga «Små kryp, fjerne galaksar og noko midt imellom». Foreldre og besteforeldre beundra kunstverka og fotograferte villig vekk. Og det vanka mykje skryt både frå unge og gamle.

– Dette er fint å sjå på, seier ei imponert Amalie Bergesen til venninna Sandra Elise Helland. 

Den offisielle opninga var det skulesjef John Karsten Raunholm som stod for. 

- Annonse -

– Eg er stolt over kulturskulen vår, sa skulesjefen, og la vekt på den store breidda i tilboda. Han uttrykte glede over at skulen appellerer til dei kreative eigenskapane til elevane. Her kan elevane få arbeida med ting som interesserer dei, og oppleva meistring som dei kan ta med seg til andre område i livet. 

Skulesjefen meinte elevane ved «visuelle kunstfag» kan vera stolte over det dei har produsert. Og så gledde han seg ekstra over at utstillinga er så strategisk plassert. Foajeen i Fitjar kultur- og idrettsbygg er ein stad mange kjem innom og får høve til å beundra kunsten på veggen. 

– Dette vil gleda andre! slo skulesjefen fast. 

Lærar i «visuelle kunstfag», Nina Aarbø Olen, fortel at dei arbeider både med akryl og akvarellmaling. Dei har time éin gong i veka, rett etter skuletid. Ho minner om at dei framleis har plass til litt fleire elevar til hausten. 

 


Sandra Elise Helland får velfortent skryt av venninna Amalie Bergesen og skulesjef John Karsten Raunholm. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Elevane i visuelle kunstfag saman med læraren sin, f.v. Sandra Elise Helland, Andrea Hillestad, Helena Solli, Mathea Olsen Vik, Andrea Brakedal, Nina Aarbø Olsen og Iselin Ødegård Aarbø. Foto: Kjetil Rydland.

 


Bestefar Rolf Helland studerer kunstverka. Foto: Kjetil Rydland.