Andemor med ungeflokken kryssar kommunegrensa på fv. 545. Foto: Kjetil Rydland.

Kryssar kommunegrensa

For nokre dagar sidan kryssa ein andefamilie brua over Tinnselvo ved Rydlandssago, frå Fitjar til Stord.

 

Kan meldingane om dei vanskelege tidene i Fitjar kommune ha nådd fugleverda?

I alle høve risikerte ei andemor og ungane hennar liv og helse då dei kryssa kommunegrensa ved Rydlandssago ein morgon i slutten av førre veke.

Ikkje alle bilane som kom, var førebudde på å gi plass til andefamilien. Men etter kvart tolma alle sjåførane seg, slik at familien kom seg trygt over i Stord kommune, og ned att mot Tinnselvo – som her oftast blir kalla Sagelvo – på rett side av grensa.

- Annonse -