Måndag 25. Juni 2018



Linnea Vestbøstad scora fire mål og var ei konstant plage for Stord-forsvaret. Foto: Kjetil Rydland.

Opprykk for jentene etter utklassingssiger

Jentelaget i 15-årsklassen var fullstendig overlegne i kveldens kamp mot Stord 2 på Fitjar-graset, og vann 8-0 etter fire scoringar i kvar omgang.

 

Toarlaget til Stord blei ingen målestokk for serieleiarane frå Fitjar, som stilte på heimebane i idrettsparken måndag kveld. Med nesten 50 heimesupporterar i ryggen i den sure sommarkvelden var 15-årsjentene til Fitjar fullstendig overlegne. Før pause var det knapt meir enn eitt lag på banen. 

Lagkaptein Marion Træet opna scoringane etter rundt fem minutts spel. Ho fekk ein fin pasning frå høgresida og scora sikkert frå kort hald. "Som normalt" scora Linnea Vestbøstad tre typiske goalgettermål utover i første omgang. 4-0 til pause var ikkje eitt mål for mykje; det kunne gjerne vore det doble etter spel og sjansar.

I byrjinga av andre omgang kom Stord-jentene litt meir med i kampen. Men då Marion Træet la på til 5-0 etter eit kvarters spel, var det heilt slutt. Derfrå og inn var det berre Fitjar.

Siren Vik scora to mål og Linnea Vestbøstad scora sitt fjerde for kvelden. Dermed enda kampen med utklassing 8-0. Men det kunne lett ha sett endå styggare ut for Stord; Fitjar hadde rikeleg sjansar til å vinna tosifra denne gongen.

På Fitjar sitt lag var det dei tre målscorarane som merkte seg ut, ikkje berre med måla, men med mykje godt spel. Elles er det kjekt å sjå at Fitjar har eit heilt lag av bra fotballspelarar. 15-årslaget er eit av dei mest spelande laga me har hatt i Fitjar, med spelarar som viser imponerande god fotballforståing. 

Med kveldens siger i boks har Fitjar vunne sju strake sigrar i vårsesongen, og leier puljen sin med 21 poeng. Dette er det ingen av dei andre laga som kan nå igjen, og jentene kan innstilla seg på 1. divisjon i haustsesongen. Me gratulerer jentene og trenarapparatet med velfortent opprykk! 

 

 


Eit typisk syn på Fitjar-graset måndag kveld; Siren Vik med ballen og ein Stord-spelar som kjem halsande bak. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Fitjar – Stord 2: 8-0 (4-0)

Seriekamp Jenter 15 2. divisjon avd. 02

Fitjar idrettspark måndag 11. juni kl. 20.00

Publikum: 50

Dommar: Ruben Træet, Fitjar

Mål: 1-0 Marion Træet (6. min.), 2-0 Linnea Vestbøstad (21. min.), 3-0 Linnea Vestbøstad (26. min.), 4-0 Linnea Vestbøstad (31. min.), 5-0 Marion Træet (55. min.), 6-0 Siren Vik (58. min.), 7-0 Linnea Vestbøstad (66. min.), 8-0 Siren Vik (72. min.).

Fitjar sitt lag: Tuva Nysæther, Sofie Rimmereid, Anna Sandvik Bø, Tori Vestbøstad, Marion Træet (kaptein), Mia Volden, Siren Vik, Linnea Vestbøstad, Mathilde Kloster, Mari Hatlevik, Romante Zemgulyte, Leen Bader, Emilie Skram Isdahl, Live Bukkholm Stegane og Ida Marie Sandvik.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Lunsjkonsertar i kyrkja

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar kyrkje med nytt orgel. Foto: Jan Overweg Lunsjkonsertar i kyrkja Kantor Jan Overweg byr på tre lunskonsertar i kyrkja i sommar, den første i morgon, laurdag.

Les meir ...

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fit…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet. Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek. Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei...

Les meir ...

Hatlevikbasaren

22.06.2018 Kjetil Rydland

Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH.  Hatlevikbasaren Søndag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Les meir ...
annonse
annonse

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar Skulekorps i toppform til NM  Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps! Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

Les meir ...

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Rekordar i Midtfjellet Halvmaraton

23.06.2018 Kjetil Rydland

Vidar Aarskog og Fitjar Idrettslag fekk besøk av to toppidrettsmenn i går, Senay Fissehatsion sette ny, suveren løyperekord, og Michael Ande Tesfamichael var ikkje stort dårlegare. Foto: Kjetil Rydland. Rekordar i Midtfjellet Halvmaraton Løyperekordane fall...

Les meir ...
annonse