Måndag 25. Juni 2018



Henry Tveit og Johannes Lars Tufteland, tidlegare elevar ved Osternes skule, i munter samtale under gårsdagens samling i skulestova. Foto: Kjetil Rydland. 

«Siste skuledag» på Osternes skule

Grendalaget har bestemt seg for å selja Osternes skule, og i går samlast osternesingane for å sikra seg verdfulle ting frå det gamle skulehuset.

 

«Siste skuledag» hadde Osternes grendalag kalla gårsdagens samkome, då dei bad inn til kaffi, kaker og lapskaus, og auksjonerte bort ein del av inventaret i skulehuset frå 1931. Som kjent har dei bestemt seg for å selja huset, som var skulehus for Osternes-krinsen fram til 1990.

Mykje av skulemateriellet frå dei 60 åra det blei drive skule i huset var framleis på plass, og intakt, t.d. bøker, fysikkutstyr, store plakatar, kart, parafinlampar, pennar og blekk. Ein god del osternesingar i alle aldrar møtte opp for å dela ein matbit og drikka kaffi i sommarsola. Og samkoma blei avslutta med auksjon i skulestova.

Parhestane John Arvid Skumsnes og Kristian Skumsnes la fram for sal ei rekkje flotte plakatar, som gjekk for mellom 300 og 500 kr per stykk. Stolen til Mikals-Nils'n, mangeårig lærar ved Osternes skule, ein pult frå gamle dagar og kuleramma gjekk for om lag same prisen, medan ein benk som truleg stammar frå den gamle skulen i krinsen, gjekk for over 1000 kroner. 

Som nemnt blei det noverande skulehuset teke i bruk i 1931, då dei flytta inventaret over frå den gamle skulen i krinsen. Den blei bygd i 1866, som ein av dei første skulane i Fitjar, og heitte fram til midten på 1920-talet «Sandvik skule». 

I ein artikkel i Fitjarminne 2015 har Harald Johan Sandvik skrive ein interessant artikkel om den gamle skulen i Osterneset. Me tillet oss å sitera litt frå denne artikkelen: 

Første mai 2004 – under ein «skuledag på gamleskulen» blei det avduka ei «minnetavle» over den gamle skulen i krinsen:

«Dette er grunnmuren til «Sandvig skilehus», bygd i 1866. Det var eit av dei første skulehusa i Fitjar kommune. Huset låg i utmarka mellom Gloppo og Sandvikjo, og det var reist der av di enne staden var «det geografiske midtpunktet» i Osterneset, målt frå dei fjernaste gardane i krinsen: Stokken i bord, Skumsnes i vest og Færøysund i aust. Frå desse tre gardane var skulevegen ca. 3 km. Frå sørlegaste tunet på Landa var skulevegen ca. 2 km. 

I året 1930 vedtok heradstyret å byggja nytt skulehus i Osternes-krinsen. Dette skulle liggja på austsida av Pyttamyro, og nær den nye hovudvegen som då var under bygging. Hausten 1931 vart «gamlehuset» bydd ut for sal. Knut Strand, frå Vik i Fitjar, fekk tilslaget. Han og sonen, Olav Strand, reiv huset og frakta tømra og alt som var brukande av anna treverk med skøyte til Fitjarsjøen. Derfrå køyrde dei materialane opp til Vik, og bygde det opp att som våningshus. Her står det enno.» 

I går nytta mange tidlegare elevar ved Osternes skule høvet til gjensyn med kjende og kjære ting frå si eiga skuletid. Og ein god del av dei dei finaste artiklane gjekk under hammaren – eller rettare sagt peikestokken – til John Arvid Skumsnes. Men det finst mykje spanande igjen, blant anna fleire gamle kart og ei rekkje fine plakatar.

Leiar i Osternes grendalag, Torill Solbakken, fortel at dette etter kvart vil bli lagt ut for sal på finn.no. Men dersom nokon har lyst å ta ein titt sjølv, er det berre å ta kontakt for å få sjå om det finst noko av interesse i skulehuset. 

 


Henry Tveit, elev frå 1943 til 1950, mellom ein av pultane frå hans tid og stolen til læraren, Nils Hageberg. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Sæbjørn Skumsnes var elev ved skulen frå 1956 til 1963, her på rommet med fysikk- og kjemiutstyr. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Her ser me gamle skrivebøker frå 1920-talet; i 1922 heitte skulen «Sandvik skule», men i 1925 var namnet skifta til «Osternæs». Foto: Kjetil Rydland. 

 


Stein Gunnar Halleråker høyrer til eit av dei siste kulla som gjekk på Osternes skule. Denne flotte cabincruiseren hans er ikkje lett å få med seg, for den er måla på veggen ved trappa. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Etter det me kunne høyra, var det dårleg lyd i denne gamle folkemottakaren får NRK, men seld blei han. Foto: Kjetil Rydland.  

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Lunsjkonsertar i kyrkja

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar kyrkje med nytt orgel. Foto: Jan Overweg Lunsjkonsertar i kyrkja Kantor Jan Overweg byr på tre lunskonsertar i kyrkja i sommar, den første i morgon, laurdag.

Les meir ...

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fit…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet. Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek. Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei...

Les meir ...

Hatlevikbasaren

22.06.2018 Kjetil Rydland

Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH.  Hatlevikbasaren Søndag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Les meir ...
annonse
annonse

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar Skulekorps i toppform til NM  Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps! Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

Les meir ...

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Rekordar i Midtfjellet Halvmaraton

23.06.2018 Kjetil Rydland

Vidar Aarskog og Fitjar Idrettslag fekk besøk av to toppidrettsmenn i går, Senay Fissehatsion sette ny, suveren løyperekord, og Michael Ande Tesfamichael var ikkje stort dårlegare. Foto: Kjetil Rydland. Rekordar i Midtfjellet Halvmaraton Løyperekordane fall...

Les meir ...
annonse