«Galakse». Foto: Fitjar kulturskule. 

Visuelle kunstfag har utstilling

Elevar frå «Visuelle kunstfag» i Fitjar kulturskule ønskjer velkomen til utstilling i Fitjar kultur- og idrettsbygg komande onsdag.

 

Bildeutstillinga heiter «Små kryp, fjerne galaksar og noko midt imellom», opplyser Nina Aarbø Olsen ved Fitjar kulturskule. 

Skulesjef John Karsten Raunholm vil stå for den offisielle opninga, onsdag 13. juni kl. 18.00.

Det vert lett servering i samband med opninga. 

- Annonse -

Utstillinga vert hengande fram til 22. juni, seier Nina Aarbø Olsen og legg til: Me håpar små og store har lyst å komma innom og sjå!

Ho minner òg om at torsdag 14. juni har kulturskulen sommarkonsert med både musikk og dans. 

 


Foto: Fitjar kulturskule.

 


Foto: Fitjar kulturskule.