Dei har det kjekt i Fitjar Skulekorps, ser det ut til. 

– Har du lyst å begynna i det beste skulekorpset i Sunnhordland?

Det er Svein Roger Koppang som stiller dette spørsmålet; han er som kjent dirigent for Fitjar Skulekorps.

 

Fitjar Skulekorps inviterer alle elevar på skulane Rimbareid, Øvrebygda og Selevik til å vera med i korpset. Invitasjonen gjeld først og fremst alle som går i 2. til 4. klasse på dei tre skulane, men det er sjølvsagt råd for andre elevar å begynna òg. 

– Er du glad i musikk og har lyst til å spela eit instrument? Vi tilbyr undervisning på mange instrument! seier Svein Roger Koppang. 

Den populære dirigenten i Fitjar Skulekorps nemner fleire gode grunnar til å spela i korps: 

- Annonse -

* Du lærer eit nytt, fantastisk «språk» som heiter musikk. som du kan ha glede av heile livet

* Det er gøy å meistra eit instrument og spela musikk saman med andre

* Alle får vera med, ingen reservebenk

* Fantastisk sosialt miljø; du får venner i alle aldrar

* Morosame turar og seminar

* Spennande konsertar og aktivitetar

 

Barna vil få ein time (ca. 45 minutt) med gruppeundervisning per veke for å læra å spela på instrumentet. Undervisningsdagen er måndag fra kl. 15.30. Dersom det er mange påmelde, blir det fleire grupper. 

Aspirantene har undervisning i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Etter eitt år som aspirant kjem du inn i hovudkorpset, som har øvingar kvar veke.  

 

Har du lyst til å spela eit instrument, kan du ta kontakt på e-post, Srkoppang@hotmail.com seier Svein Roger Koppang, og avsluttar:  Velkommen skal du vera!