Fitjar Mek. signerer ny kontrakt med reiarlag på Bømlo

Fornøyde karar som har signert nybyggingskontrakt. Fra venstre: Prosjektleiar Åsmund Sørfonn, Reder Dave Ole Eidet, Innkjøpskoordinator Jan Thore Josdal

Fitjar Mekaniske Verkstad og Bømlo-selskapet Marinus Aquaservice har signert nybyggingskontrakt for bygging av ein ny arbeidsbåt.

Skipet har fått namnet «Restless Wind», og vil bli det tredje i søskenflokken av båtar som blir bygd ved skipsverftet på Fitjar. Overleveringa blir allereie i desember 2018.

Dave Ole Eidet i Marinus Aquaservice seier at dei ser behov for et nytt og større fartøy med auka kapasitet.

– Erfaringane med dei tidlegare designa som FMV har gjort for oss er gode, og difor vil me no kontrahere eit nytt fartøy. Denne gongen med lengde på 20 meter og med batteripakke, mellom anna til bruk ved havneligge, opplyser Eidet.

Marinus Aquaservice blei etablert i 2008 og held til i Urangsvåg på Bømlo. Reiarlaget er totalleverandør av fartøytenester til havbruksnæringa, og har også omfattande erfaring med bruk av ROV.

Verftsdirektør ved Fitjar Mekaniske, Hugo Strand er godt nøgd med å vidareutvikle det lokale samarbeidet.

– Me er svært begeistra for å få lov til å bidra til at Marinus Aquaservice held fram med si positive utvikling. Samarbeida me har hatt i dei to føregåande prosjekta har fungert utmerka.

- Annonse -

Strand er spesielt glad for at Bømlo-selskapet nyttar seg av grøn teknologi.

– HFMV W20 Sørfonn L-designet kjem til å gi reiarlaget og mannskapet om bord ein god og trygg arbeidsplattform. Og det er kjekt at reiarlaget no også satsar på miljøvenleg drift og installerer ei batteripakke om bord.