Måndag 25. Juni 2018


Rådmannen i Fitjar vil legge ned to skular

Føreslår å legge ned Selevik og Øvrebygda skule for å spare pengar. No fryktar rektorane fråflytting frå bygdene.

Fitjar kommune skal vedta ny skulebruksplan for 2019 til 2023. Som mange har frykta har rådmannen no innstilt på det alternativet som gir best innsparing, nemleg å legge ned både Selevik og Øvrebygda skule.

– Administrasjonen rår til å leggje ned grendaskulane i Fitjar og ha ein barne- og ungdomsskule for alle på Rimbareid. Den sterkaste drivkrafta for dette framlegget er kommunen sin økonomiske situasjon, men me ser også demografiske trendar som peikar i denne retninga til dømes elevtalsutviklinga, skriv rådmannen.

Dette vil spare Fitjar kommune for 6,2 millionar kroner årleg.

Dersom instillinga blir vedteke av politikarane i Fitjar er det ei historisk endring i Fitjar-samfunnet. Det har nemleg vore skule i Øvrebygda heilt sidan 1867 og i Selevik sidan 1902.

– Store konsekvensar

Rektor på Selevik skule, Elisabeth Kjærland, seier at det ei nedlegging av Selevik skule vil ha store konsekvensar for innbyggjarane i Dåfjorden.

– Det var jo dette har me frykta. Det er veldig synd viss dei legg ned skulen, for no er me jo bygd i vekst, og det er planar om eit nytt byggefelt. Ei nedlegging av skulen vil gjere at folk kjem til å flytte vekk.

Ho peiker på at reisetida til Rimbareid skule, som er skulen elevane kan bli flytta til, er svært lang.

– I dag har me gymundervisning på Rimareid skule. Det tek oss 40 minuttar med buss kvar veg, inkludert av- og påstiging.

Raskare til Sagvåg

Samtidig tek det berre fem minuttar å køyre frå Sælevik skule til Sagvåg skule. Kjærland seier det ikkje er utenkjeleg at innbyggjarane i Dåfjorden vil krevje å bli flytta over til Stord kommune dersom nedlegginga blir eit faktum.

– Me har jo snakka om dette, og eg trur det er mange som nok tenkjer at det vil bli den beste løysinga. Viss det hadde vore éin kommune på øya hadde jo det løyst situasjonen.

Rektor på Øvrebygda skule, Sigmund Aarland, trur ei nedlegging av denne skulen også vil ha dramatiske konsekvensar for busetnaden.

– Uro for bygda si framtid

– Ein skule er meir enn berre ein skule, det er også ein samlingsplass for bygda. Denne skulen er jo veldig mykje brukt på ettermiddagane. Min uro er eigentleg for heile Øvrebygda som plass å bu. Det vil ikkje bli så attraktivt å busetje seg ein stad utan skule, og no har jo også butikken blitt lagt ned.

– Korleis er stemninga blant dei tilsette på skulen?

– Eg vil seie tilmålt. Me snakkar ikkje om det kvar dag, for det trur eg ville vore demotiverande. Dei har det generelt travelt før sommarferien så eg trur ikkje dei brukar for mykje energi på det no.

– Var dette venta?

– Me veit jo kva alternativ som låg til grunn. Blant alternativa så er jo dette det mest ytterleggåande tiltaket, så no må engasjementet kome. No vil me kome med ein endeleg uttale i samband med høyringsfristen til hausten.

Endeleg vedtak om saka skal fattast i kommunestyret i november/desember.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Lunsjkonsertar i kyrkja

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar kyrkje med nytt orgel. Foto: Jan Overweg Lunsjkonsertar i kyrkja Kantor Jan Overweg byr på tre lunskonsertar i kyrkja i sommar, den første i morgon, laurdag.

Les meir ...

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fit…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet. Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek. Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei...

Les meir ...

Hatlevikbasaren

22.06.2018 Kjetil Rydland

Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH.  Hatlevikbasaren Søndag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Les meir ...
annonse
annonse

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar Skulekorps i toppform til NM  Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps! Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

Les meir ...

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Rekordar i Midtfjellet Halvmaraton

23.06.2018 Kjetil Rydland

Vidar Aarskog og Fitjar Idrettslag fekk besøk av to toppidrettsmenn i går, Senay Fissehatsion sette ny, suveren løyperekord, og Michael Ande Tesfamichael var ikkje stort dårlegare. Foto: Kjetil Rydland. Rekordar i Midtfjellet Halvmaraton Løyperekordane fall...

Les meir ...
annonse