Måndag 25. Juni 2018


Haugaland Kraft overtek nettverksemda av Fitjar Kraftlag

Elverksjef Håvard Singelstad og styreleiar Agnar Aarskog meiner avtala med Haugaland Kraft er godt nytt for lokalbelkinga i Ftijar. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Styret til Fitjar Kraftlag vil at Haugaland Kraft skal overta ansvaret for straumnettet. Det skal spare straumkundane i Fitjar for 5-6000 kroner årleg i nettleige allereie frå 2019.

Den nye energilova som krev større skilje mellom kraftproduksjon og nettverksemd i kraftselskapa har gjort det vanskeleg for Fitjar Kraftlag å drive som før.

– For eit lite selskap som Fitjar Kraftlag med små avdelingar der folk jobbar mykje på tvers vil desse endringane gjere det veldig fordyrande for oss, seier styreleiar Agnar Aarskog.

Det har ført til at styret i selskapet no innstiller på å selje nettverksemda til Haugaland Kraft. Dermed vil Fitjar Kraftlag frå neste år berre drive med produksjon, sal av straum og breiband.

I januar i år vart det kjend at Fitjar Kraftlag byter ut aksjane sine i SKL med aksjar i Haugaland Kraft.

Mister over halvparten av dei tilsette

Det vil mellom anna medføre at over halvparten av dei tilsette i selskapet blir flytta over til Haugaland Kraft frå 1. januar 2019.

– Dei tilsette vil vere garantert arbeid i 15 år, og dei vil framleis arbeide i Fitjar Kraftlag sitt bygg på Årskog. Det er snakk om 8-12 tilsette.

Aarskog fortel at salet vil føre til mykje billigare nettleige for kundane i Fitjar.

– Tek ein utgangspunkt i 2017-forbruket og årets tariffar vil dette spare hushaldningar i Fitjar for 5-6000 kroner i nettleige. Totalt vil Fitjar-samfunnet spare 14-15 millionar kroner årleg når me tek med hushaldningar, hytter og næringsaktørar.

Dyr nettleige

Han legg ikkje skjul på at motivasjonen for salet er at nettleiga, som allereie er høgare enn snittet, ville blitt endå dyrare dersom Fitjar Kraftlag skulle hatt ansvar for dette aleine.

– Det er ikkje til å legge skjul på at me har ei høg nettleige og at årsmøta har lagt ein del press på oss dei siste åra grunna dette. No vil me gå inn i eit større fellesskap som vil gjere nettleiga billigare for kundane.

I tillegg til kjøp av nettleigedelen vil Fitjar Kraftlag samarbeide tett med Haugaland Kraft om ei rekkje tenester, som også skal gi betre pris for kundane.

– Me vil samarbeide med systemløysingar og IT-løysingar, og så vil me få betre vilkår på leveransar frå Haugaland Kraft enn me har i dag. Slik vil me få ned driftskostnadane for å skape eit så billig produkt som mogleg.

Nærings- og samfunnsutvikling viktig

Styreleiaren trur strukturendringa vil bidra til at Fitjar Kraftlag blir ein meir tydeleg nærings- og samfunnsutviklar i Fitjar-samfunnet.

– Fitjar Kraftlag vil bestå som eit aktivt selskap. Me vil ha økonomiske musklar til å vere ein pådrivar for næringsutviklinga i Fitjar. Samtidig som me vil gje kjøpsutbyte til eigarane og deler ut midlar til ålemnnyttige føremål.

– Kva vil vere det viktigaste satsingsområdet til nye Fitjar Kraftlag?

– Det blir å utvikle selskapet både med ting me driv med i dag, som å utvikle fiberverksemda, men også å skape ny aktivitet. Det kan til dømes vere utvikling av smarthus-system. Me får også høve til å drive meir næringsutvikling. Me har jo vore aktive i alt frå Midtfjellet-utbygginga, kultur- og idrettsbygget og hytteområda på Kråko. Det får me større høve til i denne modellen.

Som del av avtala vil Haugaland Kraft overta eigarskapet til Fitjar Kraftlag sitt kontorbygg på Årskog. Fitjar Kraftlag vil dermed bli leigetakar i sitt eige bygg.

Elverksjef i Fitjar Kraftlag, Håvard Singelstad, seier at samarbeidet med Haugaland Kraft også vil styrke beredskapen.

– Med denne avtala tek me vare på verdiar som Fitjar Kraftlag har skapt i løpet av 80 år. Med tanke på beredskapen er det ein styrke at Haugaland Kraftlag er på Stord. På denne måten kan fleire ressursar trå til ved eventuell straumstans.

Sterke kjensler

Førstkomande torsdag klokka 19 skal Fitjar Kraftlag halde årsmøte der avtala med Haugaland Kraft skal bli handsama. Aarskog er førebudd på ein god debatt med lokalbefolkninga, og oppfordrar alle som kan til å møte.

– Det er sjølvsagt knytt ein del kjensler til dette, og det skal me ikkje underslå. Likevel trur eg det hadde vore mykje tyngre om alt forsvann. Nokon vil nok seie at me burde behaldt alt, og nokon ville sagt at me burde selt alt. Me har valt ein gylden middelveg.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Lunsjkonsertar i kyrkja

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar kyrkje med nytt orgel. Foto: Jan Overweg Lunsjkonsertar i kyrkja Kantor Jan Overweg byr på tre lunskonsertar i kyrkja i sommar, den første i morgon, laurdag.

Les meir ...

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fit…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet. Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek. Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei...

Les meir ...

Hatlevikbasaren

22.06.2018 Kjetil Rydland

Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH.  Hatlevikbasaren Søndag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Les meir ...
annonse
annonse

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar Skulekorps i toppform til NM  Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps! Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

Les meir ...

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Rekordar i Midtfjellet Halvmaraton

23.06.2018 Kjetil Rydland

Vidar Aarskog og Fitjar Idrettslag fekk besøk av to toppidrettsmenn i går, Senay Fissehatsion sette ny, suveren løyperekord, og Michael Ande Tesfamichael var ikkje stort dårlegare. Foto: Kjetil Rydland. Rekordar i Midtfjellet Halvmaraton Løyperekordane fall...

Les meir ...
annonse