Låvesvale på reir under taket på Øvrebygda skule. Foto: Kjetil Rydland. 

Svaler med permanent opphald på Øvrebygda skule

Under taket i inngangspartiet til Øvrebygda skule har eit par låvesvaler hatt reir dei siste fire åra, og lar seg ikkje visa bort. 

 

Svaleparet er på plass for fjerde året på rad, etter det rektor Sigbjørn Aarland kan hugsa.

Då dei to låvesvalene møtte opp første gongen, prøvde skulen å be dei finna ein annan stad å byggja reir. Under taket framfor inngangsdøra til skulen er ein lite strategisk stad å ha eit fuglereir. Det fører til fugleskit framfor hovudinngangen, og det er er ein utsett plass der dei kan bli forstyrra av ungane som leikar.

Derfor prøvde vakmeisteren med enkelte små tiltak for at dei ikkje skulle bli freista til å komma tilbake andre året. Blant anna surra han eit tau for å sperra av der dei hadde vore første gongen.

- Annonse -

Men ingen utvisningsvedtak nytta mot svaleparet, som likar seg godt på Øvrebygda skule. Derfor har vaktmeister Øystein Koløen montert ei plate under reisret, slik at dei hekkande svalene kan få fred på favorittstaden sin oppunder taket.

Me ønskjer svaleparet lukke til med hekkinga, for det kan dei ha bruk for. Svalene lever nemleg eit farleg liv, og berre ei av seks svaler overlever det første leveåret, kan me lesa i artikkelen Lang reise for liten fugl på Miljødirektoratet sine sider. Låvesvala er ein langdistansetrekkfugl som reiser til og frå det sørlege Afrika kvart år, og møter mange farar på vegen.

 

 


Vaktmeisteren prøvde med eit tau å hindra svalene å byggja reir, men dei berre bygde på ved sida av. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Rektor Sigbjørn Aarland under den kvite plata som skjermar svalereiret under taket ved inngangen til Øvrebygda skule. Foto: Kjetil Rydland.