Måndag 25. Juni 2018


 
Ola og Jon Fitjar Hjelle sprang den korte løypa, og kom i mål hakk i hæl. Foto: Kjetil Rydland.

«Verdas o-dag» – ei global mønstring

I går var Fitjar med på «Verdas o-dag», ei global mønstring som går ut på å få så mange som råd er ut i naturen og springa o-løp.

 

Gårsdagens o-løp frå Søre Stølen var del av kjempearrangementet «Verdas o-dag», eller «World Orienteering Day». Samstundes var løpet eit sprintløp for Stord og Fitjar, med to løypealternativ, ei nybyrjarløype på 1,4 km og ei A-løype på 2,5 km.

 

I år er tredje gongen denne internasjonale tilskipinga går av stabelen. Allereie første gongen – i 2016 – blei det registrert 250 000 deltakarar frå 81 land. I 2016 deltok til saman 20 368 på 142 arrangement i Noreg, og i fjor var dei tilsvarande tala 25 900 og 177. I år er målet 200 arrangement og 35 000 deltakarar her i landet. 

 

Sprintløpet frå skogsvegen sør for Søre Stølen samla ikkje så mange deltakarar, knapt 20 sprang den lengste løypa og ti den kortaste. Men tidlegare på dagen deltok heile 240 elevar ved Rimbareid skule, så Fitjar viser godt att på statistikken likevel.


Rolf-Atle Rolfsnes i o-gruppa til Fitjar Idrettslag hadde laga til ei stjerneorientering for dei yngste elevane, og for dei eldste hadde han laga ein 2,5 runde i Sentrum med ein del av stolpane i Stolpejakta. Han skreiv ut kart og fekk levert på skulen om morgonen. Dermed fekk han sett ein stor flokk i aktivitet, men han vedgår at dei gjerne skulle vore fleire i går kveld. 

 

Ein av dei som sprang den korte løypa i skogen, fortel at han var med på skulen òg. Åtte år gamle Håkon Øien Kloster er ein god kartlesar, og gruppa hans på Rimbareid skule vann! 

 

Håkon har ein bror som er endå kjappare, men så er Jens Øien Kloster nokre år eldre, og konkurrerer med dei vaksne. Sistnemnde blei nummer to i gårsdagens løype over 2,5 km. Men det var veldig langt fram til vinnaren, Kenneth Westerheim. – Eg må nok trena litt meir, seier Jens og smiler.

 

Hovudmålet med tiltaket er å gi flest mogeleg barn og unge i heile verda spennande og inspirerande orienteringsopplevingar og å gjera idretten kjend for fleire.

 

– Det viktigaste målet er sjølvsagt å få flest mogleg ut for å springa o-løp, seier Rolf-Atle Rolfsnes.
 


Oddvar de Fine er ein gjengangar i o-løypene i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Jens Øien Kloster t.v. blei nummer to i den lengste løypa. Håkon (med ryggen til) diskuterer løypa med far sin, Frode Kloster. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Frode Fitjar var ansvarleg for gårsdagens løp; t.h. den suverene vinnaren Kenneth Westerheim. Foto: Kjetil Rydland. 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Lunsjkonsertar i kyrkja

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar kyrkje med nytt orgel. Foto: Jan Overweg Lunsjkonsertar i kyrkja Kantor Jan Overweg byr på tre lunskonsertar i kyrkja i sommar, den første i morgon, laurdag.

Les meir ...

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fit…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet. Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek. Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei...

Les meir ...

Hatlevikbasaren

22.06.2018 Kjetil Rydland

Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH.  Hatlevikbasaren Søndag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Les meir ...
annonse
annonse

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar Skulekorps i toppform til NM  Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps! Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

Les meir ...

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Rekordar i Midtfjellet Halvmaraton

23.06.2018 Kjetil Rydland

Vidar Aarskog og Fitjar Idrettslag fekk besøk av to toppidrettsmenn i går, Senay Fissehatsion sette ny, suveren løyperekord, og Michael Ande Tesfamichael var ikkje stort dårlegare. Foto: Kjetil Rydland. Rekordar i Midtfjellet Halvmaraton Løyperekordane fall...

Les meir ...
annonse